Eg må berre få seie det. Det er ein slags gyseleg fryd å sjå advokatar spele seg heilt ut. Korleis dei kan leike med språk og omgrep, vri og vrenge på alt kulturelt, for å argumentere for si sak. Eller kva som helst slags sak.

Sist år snakka eg med ei fortvilt kvinne på telefonen. Ho var skilt, og eksmannen hennar hadde ungane annakvar helg og kvar onsdag. Men no hadde han sagt at han helst ville ha dei kvar veke. Det var ikkje det ho grein for. Ho grein fordi ho hadde snakka med advokaten sin, som hadde sagt at saka hennar ville stå mykje betre om ho flytta med ungane.
Ho hadde eit greit samarbeid med eksmannen, men var nøgd med ting slik dei var. Han var ein god far for ungane og alt var greit. Plutseleg skulle ho og borna flytte til ein ny plass, så langt bort at det vart umuleg for far å ha dei oftare. Ungane skulle bytte skule, flytte frå vennene sine, mor skulle flytte frå nettverket sitt. Mor måtte finne nytt husvære og ny jobb.

For å gjere det vanskelegare for far, fordi «saka hennar ville stå sterkare».

Logisk for advokatar.

Ikkje logisk for ikkje-advokatar.

La meg presentere: Dagens advokatlogikk.

Reklamer