Natt til søndag var eg lukkeleg. Mannen min hadde tidleg på kvelden vist meg korleis symaskina virka. Eg var utstyrt med ein teddybjørn, skjendingsutstyr (saks), garn og brune barnestrømpebukser og genser.
Eg sydde løvekostyme til sonen min, som skulle opptre som det skremmande husdyret til Tasper, Tasper og Jonatan på juletrefesten dagen etter. Det kunne nesten berre gå galt. Og det gjorde det.

Ungen var faktisk lukkeleg og nøgd med kostymet.
Stolt mor og syerske skimtes i bakgrunnen.

halfdanframleisglad.jpg

Interesserte besteforeldre kan klikke her for stor oppløysing

Men så viste det seg at han ikkje var malt som ein løve. Det blei veldig trist.

halfdanskuffa.jpg

Takka vere omfattande pedagogisk inngripen vart han likevel nøgd nok til at juletrefesten kunne fortsette. Han gjorde lukke på scenen som karismatisk og grusom løve.

halfdanpascene.jpg

Dessverre fekk han feber i løpet av festen, og har sidan kasta opp med jamne mellomrom. Det er no nokre dagar sidan eg har fått i han anna enn vatn og litt saft, og me er begge ganske lei av Disney Channel.

Advertisements