*****************************************

 

*** SPOILER **** SPOILER****SPOILER***

 

*****************************************

kompasset.jpg

Eg er litt lukkeleg. Og litt irritert.

Først: Karakterane.
Lyra var nydeleg. Billy Costa og Roger var akkurat som dei skulle vere. Lee Scoresby og Hester var heilt perfekte. Lord Faa var så fin som ein kunne ønske seg. Men Iorik Byrnison var animert, som han måtte vere. Og uansett kor flinke dei er, vil det framleis mangle noko. Lord Asriel var slett ikkje verst. Og når det gjeld Kidman som Mrs Coulter, så er det berre ikkje godt nok med ei blondine, uansett. Sjølv om ho gjorde ein utmerka jobb med å vere akkurat så skummel som ho skulle vere.
Serafina Pekkala fekk me sjå alt for lite til, sjølvsagt. Heksene vert nok redusert til staffasje her, akkurat som entene blei det på film. Men då det kom til kamp, var dei fantastiske likevel.

Så: Handling.
For mykje av dialogen blei ei forklaring av eit alt for stort og komplisert plott. For lite leik, for lite humor, for lite av det meste. For dei som ikkje har lese bøkene var det nok naudsynt, men eg sat med ei keisam kjensle av at Lyra stort sett gjekk rundt og forklarte boka for kinopublikum, framfor å vere ei levande heltinne.
Dei raste avgarde for å rekke i mål, og ikkje alt blei like vedkommande som det burde.
Men det blei bra då dei haldt kjeft. Eg grein litt, eg. Fleire gonger. Utan at det eigentleg treng bety så mykje.

Og sist: Heilskap.
Der His Dark Materials er ein intelligent leik med fysikk og teologi, er denne filmen redusert til ei actionprega eventyrfortelling. Eg visste jo det måtte bli slik. Men eg syns det er synd. Pullman klarte å løfte fortellinga langt over hovudet på alle dei niåringane som slukar den for handlinga, og boka gjev vaksne meir jo meir utdanning ein har.
Det er verkeleg trist at nordmenn gjev slike bøker til borna sine, og ikkje les dei sjølve. Det er skattar i Den mørke materien. Skattar som born ikkje kan sjå. Og skattar som filmen ikkje byr på.

Men eg grein. Og mor mi var lukkeleg. Dette var den første fantasyboka eg fekk henne til å lese, og som ho verkeleg likte. Eg såg henne sveve ut frå kinosalen i kveld. Og eg er så sikker i mi sak som eg ikkje har vore før: Det store lesarsegmentet av kvinner mellom 40 og 70, som sluker den eine traurige sosialrealistiske historia etter den andre, fordi bokklubbane serverer det som einaste frelse, – dei treng dette. Dei fortener dette. Dei fortener eventyr og magi som løftar ein opp og ut over seg sjølve, og gjev draumar og fridom.

Terningkast er for pyser. Kjøp heller kinobillett.