Ein kristen sekt med pengar på bok fekk kasta ut pøbelyngel, autonome og kreative ungdommar, og sørga for å rive den legendariske Ungeren i Køben. Men no får dei ikkje solgt tomta.
«Konservative» politikarar og pengesterke aktørar samarbeider i Danmark om å rasere rufsete ungdomsmiljø og frie soner, slik folk med pengar og formell makt kan gjere det.

Men politisk makt og kapitalmakt er ikkje den einaste makta i gata. Det hjelper lite å ha fin dress og feit konto når du ikkje tør gå ut om kvelden.

Dette er ein lærdom me kan ha nytte av å generalisere. Å kneble alt annleis, umoralsk, sprelsk og fritt, for å strigle og einspore, får følger. Å gje dei som er annleis eit uniformert kne i eine øyra, og asfalt i det andre, får dei kanskje til å lytte. Men dei høyrer ikkje det makta vil dei skal høyre.
Den nye trusselen er innvandrervalden og -valdtektene i gatene våre, for den jamne borgar kanskje meir skremmande enn blitzarar og autonome. Men lærdommen då?

Har me lært noko her i Norden, om at velferd og reglar ikkje er nok for alle?
At dei som er lause i snippen og urolege i beina treng noko anna enn låge prisar på kjøttdeig og korte sjukehuskøar?
Det kan vere så trongt her. Og kaldt. Og keisamt.

La dei røyne seg ut på eigne prosjekt, la dei male kunstverk på fasadane våre, bygge seg rønner i parkane, røyke hasjen sin, spele didgeridoo, ha ungdomsklubbar og arrangere konsertar. La dei få bruke kruttet sitt på noko betre og meir enn å temmast, trygdast og attførast.

Barnemakta forsvinn aldri. Tru ikkje det, såkalla konservative, forstokka gamlingar i alle aldre. Gatemakta vert ikkje forvalta på Stortinget. Men de kan føkke det opp for oss, med å tru at alt kan straumlinjeformast.

Advertisements