Bruksanvisning: Først set du på soundtracket. Så les du posten.

I dag er det kåring av Norges beste blogg. Det er litt sjukt, men eg er altså i finalen. Og for å vinne, treng eg stemmer. Mange stemmer. Det fine er at du kan gje meg tre stemmer:

Du går inn her, og klikker på den vesle rundingen der det står Haustljos og klikker på Stem. Då har du gitt ei stemme.
Men så kan du også rulle heilt nederst på sida der, og finne eit kvitt kommentarfelt, der du skriv noko om at du har stemt på meg, og skryt litt av bloggen min. Dersom du gjer alt dette, teller det som tre stemmer.

Kvifor du skal stemme på meg?

  • Eg likar å vinne ting
  • Du likar kanskje bloggen min
  • Og her er nokre postar som andre har plukka ut som lesverdige
  • Fordi Fjordfitte ikkje kom til finalen

Tusen, tusen takk til alle som stemmer!
Og ekstra spesialtakk til Digme, Bussbloggen, Iskwew , Lothiane, Virrvarr og Organa som driv valgkamp for meg inne på sine eigne bloggar.

FINALEPLASS! UÆHHHH!

redd3.jpg

Her forsøker eg å springe fra alle lesarane til Glamourbibliotekaren.

Og ein siste grunn:

Ta eit estetisk vegvalg. Stem på meg om du syns bar overkropp og spyd er ein kledeleg kombinasjon. Ei stemme til meg er ei stemme til Sparta.

«Jeg må si jeg er litt bekymret over glamournivået til mine krigerske lesere der bak i bildet.. Jeg trodde jeg hadde overbevist dem om at kombinasjonen spyd og bar overkropp er fatal, og at uniformering generelt er kjedelig. Men men, hva kan man gjøre…» (glamourbibliotekaren)

glam.jpg

Advertisements