Dameblad har lenge vore under kritikk, og det fins i mitt hovud ein slags allmenn utbreidd fordom om stygge feministar som ser seg rasande på damebladenes glansa moteverd.

Damebladene møter gjerne kritikken med å vise til interessante artiklar om sterke kvinner, artiklar om helse og psykologar med faste spalter. Dei skriv om å ta vare på seg sjølv, senke skuldrene og nyte livet litt meir.
Kan det vere så ille med nokre lekre bilete på glansa papir ein gong i mellom?

Ja, det kan det.
Og no skal eg seie deg kvifor.
Det er fordi du ikkje har tid til det.

Undersøkingar viser at unge jenters negative kroppslege sjølvbilete kan sjåast i samanheng med om dei les moteblad. Ei openberr og ofte kritisert samanheng her er dei tynne modellane og unge jenter med spiseforstyrring.

Vaksne kvinner har gjerne større evne til å innsjå at dei ikkje kjem til å sjå ut som Claudia Schiffer sjølv om dei held opp med å ete. Men damebladene krev meir av deg enn som så.
I dameblada vert du presentert for ei lekker verd, elegant innpakka som lett sjølvironisk og ikkje direkte uintelligent refleksjon kring kva det vil seie å vere kvinne.

Den består av kvinner som yter (for andre), og når dei nyter er det helst i form av skjønnhetspleie.
Etter ei slitsam arbeidsveke fortener du – kva då? Flatfyll som ender med at du puler ein deileg mann og ender opp med å bruke heile laurdagen i senga og heile søndagen i sofaen? At du griser deg skikkeleg til innvendig og utvendig med noko som er verkeleg gøy? Neidå.

Du fortener å gå på spa.
Du fortener eit karbad, med eteriske oljer, du fortener hårkur og kremar og masker og peeling, du fortener å bli rulla i foryngande gjørme og bli pakka i plast til det klør over heile kroppen.

Du fortener å gå på shopping.
Du fortener å bruke litt fleire pengar på å halde konsumhjula i sving, auke CO2-utsleppa litt meir, halde indiske barnearbeidarar i sving. Du fortener ny kjole, du fortener faktisk ny sofa, du fortener å få bruke heile søndagen på pusse og male pinnestolen i gangen og kleise på noko decoupage, sidan du om laurdagen verkeleg fortente nye serviettar med mønster frå 1700-talet.

Du fortener å gjere husarbeid.
Ja, for kven faen er det som trur dei har fjerna ommøblering og oppussing og det å henge opp englar laga av gamle engelske tapet som du har brukt fire timar på internett for å finne fram til, frå kategorien husarbeid?

Og så fortener du å fordjupe deg litt i andre si ulukke. Grine ein skvett over mødre i Afrika som strevar så fælt. Kvinner i Afghanistan som går rundt i telt og ikkje får lov til noko. Born som svelt, born som er soldatar. Kvinner som kjempar og kvinner som græt.
Oi, er eg mot det også no?
Ja, eg er det. For det er ikkje løysingar nokonstad.
Historiane er pakka like lekkert og glansa inn som alt anna, så når du er ferdig med å lese den åtte sider lange artikkel om elende, har du grått, kanskje ledd litt gjennom tårene av ein god kommentar den afrikanske kvinna kom med, du har streva og kava og komme i mål på eit vis. Historiane deira er seg sjølv nok. Dei manar ikkje til handling.
Damebladene er ikkje aleine om den synda, men dette er trass alt alibiet deira. Sjølve hovudalibiet om folk skuldar dei for å vere fordummande og overflatiske og berre opptekne av mote.
Men historiane deira om resten av verda, om sterke skjebner og sterke kvinner, vert underhaldning. Dei vert den lett syrlege retten du treng mellom søtsakene.

Når eg har lese eit dameblad kjenner eg trongen til å kjøpe neglelakk.
Eg er ikkje meir tjukkhuda enn at eg merker det.

For konklusjonen vert at du – som kvinne – fortener å bruke så mykje tid og krefter og pengar på ditt eige utsjåande og heimen din og shopping, at du ikkje har tid til anna.
Og det er dette anna eg meiner du burde gjere.

Dersom du les dameblad, blir du eit kjedelegare menneske.

Og som feminist er det nettopp alle dei velpleide, uinteressante kvinnene som smiler seg gjennom arbeidslivet rundt meg, som gjer at eg ikkje blir trudd. Ikkje blir høyrt. At eg framleis, i 2007 (og sikkert 2008 og 2011 for den del), vert oppfatta som maskulin når eg argumenterer godt. At eg vert kalla lite feminin når eg engasjerer meg.

For ein har ikkje tid til alt.

Ein har ikkje tid til å vere velpleid, sjølvoppofrande, god mor, god kone, god på jobben OG vere engasjert, lese bøker og aviser, skrive lesarinnlegg og gå på bystyremøter berre for å stille vanskelege spørsmål.

Damebladene oppfordrar deg til å velge det første. Dei manar til handling, men all den handlinga dei manar til stel tid frå alt som er meir vesentleg.
Damebladene forfører oss, og kvar side er freistande reklame for eit liv du ikkje har tid til.

Og ikkje fortell meg at du har tid til alt. At du både kan bruke ein time kvar morgon på badet, og samtidig lese morgonavisene. At du både kan vere sjølvoppofrande og vellukka konemor heile ettermiddagen, trene på kveldstid og stelle føtene, OG samstundes ha tid til å vere lokalpolitisk engasjert, eller køyre go-cart, eller spele paint-ball, eller drikke øl med venninnene når du har lyst.

Noko må svi.

Derfor bør du ikkje bruke alle desse kremane, male alle desse stolane, bake alle desse avanserte kakene og kose deg i timesvis i badekaret med damebladene dine.
Du har ikkje tid.

For du bør bruke tida di til å finne ut kva akkurat du er mest engasjert i, kva akkurat du har talent for og kva akkurat du syns er mest gyø, kva som gjev deg mest og kva som får deg til å juble.

Advertisements