No skriv eg ut dei første litt over 150 sidene. For eg veit ikkje kva eg vil med deg. Eg veit ikkje kva eg vil gje deg no, kva eg vil du skal oppleve. Eg veit på sikt kvar eg fører deg, men vegen vart plutseleg blank. Ikkje mørk, berre blank. Som om me har gått ein tredjedel av vegen eg planla, og eg ser land der framme, men mellom er det berre ingenting.

Det er mykje tekst å bakse med dette, etterkvart. Eg har til no bygd det møysommeleg opp, sett ord etter ord, kapittel etter kapittel.

Eg må finne tilbake til ein rytme, ein melodi, som om eg har gløymt den.

No skal eg lese meg opp igjen, på min eigen tekst. Så håpar eg at eg finn ut av kva eg vil. Kva eg skal by deg no. Kva kjensler eg vil vekke i deg, kor eg vil føre deg. For eg vil at du skal vere med meg heile vegen.

Reklamer