Alt var så mykje betre før, seier den syrlege unge mannen og viser fram kornete bilete av Tre nøtter for Askepott(1). Og som halvgammal mor er eg stadig i modernitetskrise kring kva eg tilbyr ungane mine. Eg les meg til i avisene og blåggane kring meg at eg tilhøyrer ein generasjon lett aldrande småbarnsforeldre som er ute av stand til å tilby ungane nyare barnelitteratur og som har eit nærast patologisk kjærleiksforhold til keisamme filmar og seriar frå syttitalet. Ungar i dag vil ikkje ha Den vita stenen. Dei vil ha flimrande, animert æksjen.

Me har halde krampaktig (2) fast i dei fire norske på tv, heilt til mannen min kom drassande heim med Rikstv og dertil høyrande Disneychannel (3). Men NRK og TV2 får lisenspengane mine, og tilhøyrer same kulturkrins som meg, og burde føle litt meir på ansvaret sitt.

Det dei serveres born i dag er stort sett dritt.
Fragmentert dritt.
Sjå berre på Barnes Superjul. Skift, skift, skift, skift. Ungane som er programleiarar er flinke, bevares. Men det heile er klypt i stykker til eit einaste flimmer.
Heile NRK si sendeflate for born er blitt fragmentert dritt.
«Born i dag vil ha det slik,» tipper eg dei tenker.

Eh.
Born i dag er då genetisk prikk like born før. Dei venner seg til det dei får. Og eg har svelgt kamelar og latt dei sjå det flimrande møkket frå NRK og TV2 kvar einaste helgemorgon sidan trikset byrja virke. Eg er då eit menneske. Eller meir spesifikt: Eit b-menneske. Så mine born har då fått forholde seg til all den opphakka, oppjaga møkka som resten av deira generasjon får servert.

Derfor gleder det meg at dei likevel har ein rest av konsentrasjon og fordjupning tilbake i dei bombaderte barnesinna sine.

For kva dvd er det dei begge ønsker å sjå om dei kan få velge? Tre nøtter til Askepott.

(1) Det skal seiast at den syrlege unge mannen er ute etter å ramme spelnostalgikarane og ikkje fjernsynsnostalgikarane, men det var no eingong han og blåggposten hans som fekk meg på tanken om dette.

(2) Det heiter ikkje krampeaktig. Eg ser mange skriv det, og det er både feil og stygt. På same måte som sakelig. Feil og stygt. Slutt med det. No.

(3) Eg vil gjerne nytte høve til å seie: Eg er drit lei Discovery. Verkeleg. Eg vil ikkje vite korleis dei bygger ting! Eg vil ikkje sjå korleis ein kan overleve på mark og mose! Eg vil ikkje sjå rævkløande dustar som byggar om ein vanleg bil til eit bensinslukande monster med flatskjerm i bagasjerommet! Det hender at eg nesten kunne ønske at mannen min ikkje var ein praktisk og nyfiken mann. Nesten.