Me er no midt i den gamle julemånaden Ylir, som strekk seg to og ein halv månad kring vintersolhverv. Midtvintersnatt, i natt, er hoggenatta eller haukenatta, og i dag er det midtvintersblot. I dag og i natt hjelper me verdas gode makter å komme gjennom den mørkaste tida. Etter haukenatta held me tre netters jul, og den siste kvelden av julenettene vert framleis halde i hevd av nordmenn flest: Julekvelden.sol.jpg

Guden som mottek gåvene våre i jula, er Odin. Han er dei daudes gud, og fører den store skaren av daude heim. Julebordet sto derfor før i tida dekka julenettene, med tente lys og fyr i peisen, då alle våre daude kjem heim til oss no.
I dag pynter me i staden gravene med eviggrønt, og tenner gravlykter som skinner i to døgn. Våre daude vil gje rikeleg tilbake, dei vil hjelpe oss til god årsvekst og gode avlingar, og eit fredeleg 2008.

Men ikkje alle daude har heimar å komme til, og nokre av dei har ikkje eingong fått ei gravferd. Desse kan herje juleborda våre, komme ubudne og ete opp all maten.
Gå ikkje ut aleine desse nettene, for Odin og dei daude er den ville jakta, og verda er utrygg.frost.jpg

Når julekvelden kjem, har me årets finaste fest, med den beste mat og drikke. Me drikk for to æser og to vaner: Odin og Tor, Frøy og Njord. Og utpå kvelden, når ungane er komme i seng, kjem me til å tenke på året som er gått, det som er gjort og det som er ugjort. Då løfter me våre vinglas til Brageskål, og seier fram våre forsetter for året som kjem.

God jul!