Haustljos er litt skadelidande no om dagane. Eg pakkar inn leiketøy og bøker, lagar tomatsild og rødbetsild, og strikkar på ein genser som strengt tatt skulle vore i bruk allereie. Det er fint. Sjølvsagt. Julegreier. Problemet med meg er at eg er lat og utålmodig. Bror min karikerer meg og snakkar med ånsestemme og gjev ordrar om å fikse og rydde og gjere alt i går, og eg kjenner kor utruleg vaksen og moden eg er blitt. Sidan eg altså ikkje blir sur. For han har rett. Sjølvsagt. Dette er den sjølvsagte posten.

Me bakar stort sett julekaker fordi ungane syns det er kjekt. Eller eg då. Eg bakar. Eg les oppskrift og overvåker prosessen. Eg er forsøksvis tålmodig arbeidsleiar i forkle. Heilt til treåringen slikkar på deigen eller seksåringen lagar 3D-greier av kakemanndeig. Då begynner eg å rope. Då er eg nazi-mor på kjøkenet og kastar deigen og forklarar med kvass stemme at kakene skal vere 2D, ellers blir dei ikkje steikt.
Seksåringen påpeika i går at «no virkar det som om du berre er opptatt av kakene og ikkje av at me skal ha det kjekt». Ho har rekna ut at småkaker til jul ikkje skal vere gode. Me bakar berre for at ungane skal ha det kjekt. Bortsett frå at eg er resultatorientert. I tillegg til å vere lat og utålmodig. Og ein dårleg tapar. Derfor blir kakene gode likevel.
Og derfor er det særleg trist at ungane har fått barnemakk og alle kakene må kastast.

Treåringen elskar mor si. Meir enn sunt er, syns resten av familien. Han ligg helst oppå meg dag og natt og ser på meg med store auge og fortel meg kor fin eg er, og at han berre elskar meg. At Frida i barnehagen vil vere kjærasten hans, men han har sagt frå. Han har kjærast. Han har mamma.
No strikkar eg genser til han. Eg husker at dei jentene som dreiv med strikking og kjæresteriar i tenåra strikka gensrar til kjærastene sine. Eg prøvde eingong å strikke eit slips til ein kjærast. Det snodde seg og blei rart. Heldigvis blei det slutt. Men det er nok ganske fint å vere forelska for aller første gong og bli strikka genser til. Sonen min ser slik ut. Han ligg halvvegs over meg og følger hendene mine og strikkepinnene med blikket og sukker av lukke.
Eg likar sjørøvarar ganske godt. Mannen min har rekna ut at Jack Sparrow falt i smak. Eg har sett den nokre gonger og gidd ikkje lyge om slikt. Me har vore gift i sju år. Han kjenner meg. Likevel brukar han verken skaut eller sminke. Han veit det ville glede meg.
No meiner han at forholdet mitt til treåringen vil få nye dimensjonar. Treåringen får Jack Sparrow-drakt til jul.
Slikt kan ein spøke med som mor. Det ville ikkje passe seg om eg var far og treåringen var dotter. Kanskje. Eller mogleg dette var ein av dei sjølvsagte greiene. Det er trass alt den sjølvsagte poste, dette.

I morgon er alle butikkane opne. Men ikkje apoteket og ikkje polet. Ungane burde avslørt at dei klødde i rumpa før apoteket stengte i dag. No må me alle sove og vite at det kravlar og kryp i rumpene på dei. Ikkje har eg portvin eingong. Til meg altså. Det er grenser for kva eg vil dele med den tre år gamle kjærasten min. Trass alt. Sjå der, no blei det ein «trass alt»-post også. I tillegg til alt det sjølvsagte.

God jul!

Advertisements