Eg har fått sånne fantastiske antisklisokkar som barnehageungar brukar. Dei er til alt overmål pynta med broderte blomar. Eg kjenner at det gjer meg heilt lukkeleg.

Dessutan har eg fått ei diger Wedgwood bakebolle. Ikkje slik i tjukk keramikk som eg framleis angrar på at eg ikkje kjøpte då me budde i Danmark, men den er stor nok til å bake hundre boller. No kan Bård Ylvisåker berre komme. Eg har saft og.

Reklamer