Dei siste kapitla i del I er på plass, manden har lese og kommentert, og eg har skrive oppsummering av kva som skal skje i andre halvdel av bind I, samt i dei to delene som skal bli til bind II.

I morgon er det berre små justeringar, som oppretting av nokre tastefeil og tre setningar manden syns var rare.

Og så sender eg. Første halvdel av bok nummer ein. Kvarte historia. Rett inn i innboksen til Redaktøren i Det Venlege Forlaget.

Før første februar har dei lova meg at dommen er falle. Då veit eg om eg er antatt. Om det blir kontrakt. Om boka kjem ut. Om eg blir forfattar. Om dei syns mitt beste er godt nok.

Det er skummelt. Ikkje fordi eg tvilar på om eg kan skrive, eller om nokon vil like det. Men fordi Forlaget skal bestemme seg for om det blir virkelighet. Røynd. Praksis.
Om det blir til ein jobb, noko eg vil kunne tene nokre pengar på.

Det er framtida mi eg sender til dei.

Eg veit at dei kan seie nei, og at det er heilt normalt å bli refusert av det første forlaget ein tek kontakt med. Eg veit eg kan sende til fjorten andre forlag og at løpet ikkje vil vere køyrd. Eg veit så mange ting med hovudet mitt. Men inne i meg er hjarta ein kolibri og eg er veldig varm, og tenker at kanskje, kanskje skjer det no.

Kanskje.

Advertisements