Blåggen virkar heilt framand no, berre etter ei lita veke utan oppdatering. Merkeleg.

Eg har vore på fjellet. Hovden. Stått på slalåm sakte, sakte, med ustø småungar mellom beina både opp skiheisen og ned bakken.
Køyrd i 11 timar for å komme heim, sidan det vart snøstorm og greier.

Og så har me rydda ut jula. I dag er trettende dag jul, så då fyk juletreet ut, og vert klypt i småstykker som vernar om stauder og spirande lauk i kommande frostver. All pynt som var så fin for tre veker sidan ser brått ut som glorete drit i raudt, kvitt og messing. Bort med det. Pakke inn kvar ting i nisseserviettar og silkepapir og vips i kassane sine. Der det står «Jul» på. Inn på kottet sitt. Eg kjenner meg så vaksen og organisert.

Stova er så rein og fin no, utan alt det vulgære juleskrammelet. Lysestakar av glas og tulipanar i vase. Julegåvene har fått korger og esker rundt seg, og ulltøyet etter fjellturen er vaska. Kosmos. No kan det nye året berre komme.

Om to bittesmå veker skal eg på fortellarseminar med Henrik Langeland. Mor mi fekk Francis Meyers lidenskap til jul og lovprisar boka og fyren. Ho og halve Noreg.
I dag var eg og mamma på kino og såg Saman er ein mindre aleine. Undertekstane var på bokmål, og det var aldeles merkeleg. Men castinga var fantastisk, det kjentes heilt riktig, alt saman. Eg grein den høghalsa raude genseren min heilt våt på armane, eg hadde gløymt kor mykje eg grein då eg las boka, og hadde ikkje kleenex med.

I morgon skal ungane på skule og i barnehage. huset for meg sjølv og skrivedag, heilt på ordentleg, heile dagen, for første gong sidan denne lange, lange juleferien starta.

Trettende dag jul går ungane julebukk her. Ikkje med geitebukk i band eller utkledd som små, gamle koner, og ikkje får dei julekaker i posane sine. Men fleire tusen år ubrote tradisjon er det likevel. Ut med jula, og julebukkane går rundt og får godt i veskene sine. Jentungen var verdas finaste heks med lang, oransje parykk, svart kjole og oransje handveske. Guttungen fekk Jack Sparrow-kostyme til jul, og vart sminka mørk rundt augene og utstyrt med kaptein Sabeltann-kårde og muskedunder. Og handveske. Noko skal ein ha snopet sitt i. Den vesle heksa sang «bæ bæ lille lam satt på restaurant, kunne ikke spise, bare sitte og fise, bæ bæ lille lam satt på restaurant» mens Jack Sparrow skaut på publikum med muskedunder og fniste. Kosteleg underhaldning, veskene fulle av snop.

Eg har sjela full av Audrey Tautou og kroppen krev raudvin og røyk.
Det nye året er i gang.

Advertisements