Å vere kvinne er mellom mykje anna også blod og smerter.

Sex er inntrenging i kroppane våre, graviditet og fødslar og prevensjon og GU skjer inne i oss, der det er blod og organer og smertesensorar.

Og svangerskap, fødslar og barnekav pleier å gje kvinner nokre fysiske mén, gjerne litt ryggsmerter, blaut og rynkete mage, og lite tid til å stelle seg sjølv i fleire år.

Derfor er det ein for stor kontrast mellom reelt kvinneliv (for mødre i alle fall), og det ytre biletet me til ein viss grad blir påverka til å vise.
Glattbarberte legger og armhuler, glansfullt hår, glatte og yppige former, nysminka ansikt, nypussa tenner, og ikkje minst eit sart og følsomt vesen. Den naive, undrande barnekvinna med ein villig kropp utan plager.

Eg undrar meg over at det fins menn som let seg lure.
Om eg undrar meg over kvinner som er villige til å bruke enorme krefter på å lure dei.

Eg forstår ikkje vitsen.

Advertisements