Til Hans Rossiné
Utfrå kva eg finn av informasjon er NRK Super no ditt redaksjonelle ansvar.
På NRK sine nettsider står det at du for dramaproduksjonane har ønska at dei «oppleves som aktuelle og relevante av publikum, og håper seerne og lytterne blir så vel engasjerte i som utfordret og underholdt av det vi lager.»
«No kjem den norske barnekanalen, med meir norskprodusert tv for norske born,» skriv også NRK på sine eigne sider.
Men eg klarar ikkje finne navnet på den ansvarlege redaktøren på NRK Super der.
Eg stilar denne posten til deg, i håp om at det er riktig.
«Det er viktig for barn å ha noe som har mer norsk preg enn de internasjonale kanalene,» sa Kalle Fürst til NA24 Propaganda før opninga av NRK Super.
Frå før har me norskspråklege sendingar på Disney Channel, Disney Playhouse, Disney Toon, Cartoon Network og Nickelodeon. Dei to siste sender hovudsakleg anmassande og dårlege teikneseriar. Disney-kanalane har etterkvart landa på ein noko meir akseptabel profil, med sine småbarnstilpassa undervisningsprogram, klassiske teikneseriar og filmar mellom mølet.
Det er likevel gode grunnar til å ønske seg eit NRK-alternativ til Disney. Det er forskjellar på skandinavisk og amerikansk kultur. Amerikanarane har lite tradisjon for sosialrealistiske produksjonar, der barneliv slik det eigentleg er for dei fleste born blir spegla og gitt refleksjon og meining. Og når dei faktisk lagar slikt fjernsyn, vert det tydeleg at amerikanske verdiar, syn på barn og vaksne faktisk er annleis enn her. Og det burde ikkje overraske nokon, eller opprøre nokon. Det amerikanske kontinent ligg langt borte, og me vaksne kjenner godt dei kulturelle forskjellane som vert vist gjennom alle dei Hollywoodproduserte filmane me ser. Amerikansk valgkamp og utanrikspolitikk kjenner me gjennom media.
Summen av alt dette fortel oss om eit land der pupper og offentleg amming aldri blir vist, vaksne kvinner har langt hår og barberte armar, menn drikk øl og ser football, mens damene steller i huset rundt dei. Kjønnsroller me stort sett oppfattar som arkaiske vert formidla som daglegdagse i amerikanske produksjonar. Toleransen for vald på tv er høg, og amerikansk teiknefilm for born er prega av store konflikter mellom «gode» og «onde» utan nyansar, og konfliktane vert hovudsakleg løyst med vald og makt.
Det er lett å skjøne at ein ønsker seg eit nordisk alternativ for ungane våre. Fjernsyn som speglar den virkeligheten dei lever i, som eit supplement eller erstatning for fjernsyn der dei får presentert amerikanske born sin kvardag.
Filmar og seriar der både gutar og jenter spelar fotball, der begge foreldra er i arbeid. Der ungar leiker i skogen, der små born går i barnehage og større born på skule og SFO. Der ungar og vaksne går til butikken, og der bein, sykkel og buss blir brukt i blant, ikkje berre bil. Der jenter på 9 år ikkje brukar sminke. Der både gutar og jenter spelar teater og gitar og driv idrett. Der familiar bur i leilighet eller rekkehus, og ikkje i digre hus med søyler utanfor og glasurpastellfarga interiør med store vasar og gedigne lysekroner inne.
Litt framand kultur er fint, mykje er greit, men utelukkande framand kultur på fjernsyn og film er ikkje greit. Me skal ikkje stille våre eigne born i ein mediekvardag dei ikkje kjenner seg igjen i. Drama skal utfordre og engasjere, men også ha parallellar i den virkeligheten borna kjenner, for å gjere seg relevant, for å spegle, og for å fortelle born at dei er normale i sine eigne liv.
Sliker NRK Super ikkje blitt. Dei har nokre norske produksjonar i blant, men sender samstundes noko av det mest kritikkverdige av amerikanske produksjonar.
NRK Super sender dagleg serien Hannah Montana.
Eg undrast, og spør deg, Hans Rossiné, har du sett denne serien?
Dette er svært populært jentefjernsyn, tungt marknadsført av NRK sjølv og sendt i beste etter-skuletid.
Her er tematikken jenteintriger, sminke og popidol-kultur. Karakterane er gjennomgåande toskete jenter og oppgitte gutar, og dei skuleflinke gutane er framstilt som tåpelege. Glamour-faktoren blant jentene er høg. Her er prepubertale jenter med nyføna hår og lekker sminke. Å komme på fjernsyn og vere popstjerne vert framstilt som det gjevaste som kan skje eit jentebarn, men suksess har altså ei bakside, for intrigar, misunnelse og baksnakking vert framstilt som eit gjennomgåande og dominerande trekk hos jenter.
Dette er formidling av eit kjønnsrollemønster for born som er arkaisk og skadeleg.
Om me skal ha ein norsk barnekanal skjønar eg ikkje kvifor den dagleg skal reklamere for og sende det mest tvilsamme ved amerikansk kultur, sett med norske auge.
NRK Super har dermed kjøpt nettopp ei av produksjonane til Disney Channel som gjer at ein kunne ønske seg eit norsk alternativ.
I tillegg blir det vist timesvis med anmassande og dårlege teikneseriar, som gjer at deler av sendeflata til NRK Super liknar trashkanalane Cartoon og Nickelodeon.
Då står me att med dei norske produksjonane.
NRK Super har her mellom anna Gaven, «en dokumentarserie om vennskap», som Kalle Fürst kalla det. Det eg har sett handla om å hjelpe ei venninne til å få leike modell ein dag. Sentralt i programmet deltok miss og modell Katrine Sørland. Ho nytta høvet til å fortelle dei deltakande (og alle sjåarane som er) småjenter at det å få vere så sminka og «vakker» vert eit minne for livet, og det beste som kan skje små jenter.
Det er mykje jobb å vere sjef for både NRK Drama og NRK Super.
Eg veit ikkje eingong om det verkeleg er deg som er redaksjonelt ansvarleg. Kan hende er det Kalle Fürst. Eg håper det er deg, Hans Rossiné.
For eg trur du ville skamme deg litt om du las dette.
Eg trur ikkje du har lyst til å vere ansvarleg for ein drittkanal.
For det er det NRK Super er no.
Me skjønar jo at de ikkje har råd til gode norske produksjonar på sendeflata i så mange timar, men kva med å sjå meir på andre nordiske, europeiske, kan hende austeuropeiske? Og dersom ein vil vise utanlandsk fjernsyn fins det kan hende produksjonar som er annleis enn dei mange amerikanske kanalane me har frå før? Og kan hende fins det andre land enn USA som lagar og selger barneprogram?
Og dette veit du. De sender til dømes den spanske produksjonen Danny & Daddy, de sender italienske mr Hickup, og har skåpet stappande fullt av ikkjeamerikanske produksjonar. Kom med dei! Det er derfor me vil ha NRK Super i det heile tatt!
Kalle Fürst virka ureflektert begeistra i pressen, og det har han ingen grunn til å vere. Om det verkeleg er hans ansvar, dette, så er vel håpet ute.
I så fall er eg takksam for at det fins dvd.
mvh helsing
Avil Serafina av Haustljoset
avil_dol@hotmail.com
Med von om at dette vil nå fram til rette vedkomande, på eit eller anna vis.
Tilbaketråkk: Nostalgi versus fragmenter « Haustljos
Jeg kan ikke annet enn å være enig med deg i dette. Etter å ha fått digital-tv i hus ganske nylig, snublet jeg tilfeldigvis over både Hannah Montana og Gaven. Og holdningen i de to programmene der er ganske lik. Jenter skal være vakre, og for å være vakker må man ha langt hår, inntilsittende klær og massiv sminke. Alder er uvesentlig, jeg tror jentene jeg så i Gaven må ha vært en 8-9 år gamle. Unge nok til at fokuset på sminke og lekkerhet ble mer enn kvalmende for meg i hvert fall.
Så ja, jeg håper dette brevet når rette vedkommende. Det er helt på sin plass.
En god og grundig post dette! Du har rett: hva er poenget med å skryte av forskjeller og kvaliteter som ikke finnes? Da kan vi, lisensbetalerne, like gjerne be NRK legge ned denne «super»-kanalen, og bruke pengene der de virkelig vil gjøre en forskjell: i de «alminnelige» norske kanalene.
Dei sender jo sjølvsagt ein del bra også. Men det fritek dei ikkje frå at dei sender møl.
Og dersom me som foreldre ikkje gidd å bry oss, vil dei fortsette å sende møl.
Støttes! Selv om jeg ikke har digital-TV selv (og dermed ikke denne nye kanalen), så synes jeg det er nitrist med disse seriene som sendes for barn. Håper brevet ditt når fram – og inn.
Bra, Avil Serafina – gje dei inn!
Hehe, eg ser du har gitt dei inn du og.
Nei vent nå litt. Cartoon Network sender da programmer som er lysår bedre enn både Disney Channel og Nickelodeon? Makan. Jeg trodde vi alle elsket Powerpuffjentene, Johnny Bravo, Scooby-Doo og Dexter?
Forbannede wordpress.com… Det var altså mine ord der oppe, ikke bloggidol-Iversen sine. Han skulle egentlig ikke eksistere noe særlig, og jaffal ikke i andres kommentarfelt.
Fnis. Det var bra, for han har ikkje særleg god smak.
Du har åpenbart ikke snøring på kule tegnefilmer. Tartakovski rocker.
Scooby-Doo er verkeleg ikkje bra. Heilt ærleg.
Men PPG er kult på ein epileptisk måte.
Det er Bjerkaas som er ansvarlig redaktør.
Jeg har sett gaven en gang, og det handlet den gangen om to jenter som fikk forsøke seg i yrker som arkeolog og journalist. Ikke noe dill. Men jeg er enig i at det er mye møl. Jeg savner Plipp, Plopp og Plomma.
Endeleg nokon som visste noko.
Men om sjølvaste sjefen skal haldast ansvarleg, skjer det sikkert ingenting om ein klagar. 😦
Scooby er bra litt på samme måten som Friday the 13th-filmene ble etter en seks-sju installarsjoner. Sånn nostaligbra uten å egentlig være nostalgisk.
Eg må vel også bytte ut antenna på loftet i løpet av året, men eg må ikkje ha den super-kanalen, må eg? Eg gidd sjølvsagt ikkje ha noko anna enn gratispakka.
Ja, eg oppfordrar sjølvsagt alle andre til det same.
No har NRK1 stua bort barnetv klokka 18.00 på NRK Super fleire gonger grunna idrett allereie, så om barnetv er viktig, så tvingar dei deg litt.
Men ungane dine ser vel snart ikkje slikt lenger?
Flott, Avil!
Jeg har knurret over NRK Super siden den så dagens lys (og jeg har ikke unger engang!).
I tillegg ble jeg lynforbanna på dem før jul da de virkelig satte igang spin-off-hardkjøret sitt og pushet alt fra sengesett til «jeg vet ikke hva» og det i rosa og blått. Jeg synes det burde være nok for foreldre å betale lisens for at ungene skal se NRK Super og at de skal slippe å måtte skatte via Princess og G-sport i tillegg – OG hadde enda de produktene som var til salgs vært «riktige leker» og ikke så rosa-schmoza og lyse-gutt-blåe og heller vært lagt på en kjønnsnøytral linje og vært et realt alternativ til prinsesse- og spiderman-helvetet ellers, så kunne jeg ha vært enig i at de var bra produkter på markedet.
Hva er galt med skikkelig rød, grønn, gul og skikkelig blå, og gjerne i mønstre som både jenter og gutter kan synes er ålreite?
Eg har høyrt rykte om at dei ikkje vil vere ein politisk og pedagogisk kanal. Men dei treng ikkje vere heilt hjernedøde.
Tusen takk for fint brev du har skrevet. Her en dag måtte jeg gjemme scart-kabelen for å få jenta på 9 år til å gjøre lekser og spise middag i stedet for å se Hanna Montana på NRK Super. :gal:
Ja, hadde jentungane gitt faen i det programmmet, hadde eg ikkje brydd meg. Men det er honning for små bier. Og veldig dårleg.
Undre snakker vel om Barnas Superjulkalender? Jeg er veldig enig i at spin-off produktene til NRKs julekalendre smaker ille. Både markedsføringen og utvalget.
Men jeg forstår at NRK lager en egen barnekanal. Selv om de er lisensfinansiert og allmenkringaster, så er de avhengige av stabile og høye seertall. Og satsing på barn er selvsagt for å ikke miste seere til andre barnekanaler, men også for at man i tidlig alder skal «venne» seg til å se NRK. Og det er foreldrenes ansvar å sette grenser. Men det er søren meg NRKs ansvar at når vi foreldre setter grenser så skal det vi tillater at de ser være gode programmer. Jeg tror det farligste som kan skje NRK er at seerne begynner å tvile på kvaliteten. Da har de tapt. Grunnen til å ha en statseid kanal må jo være at de gir oss en kvalitet og et innhold vi ikke ellers ville fått.
Nettopp.
Mine ungar ser ikkje fjernsyn meir enn før, om NRK Super er her. Men dei ser ikkje NRK Super, for kvar gong eg har sjekka kva som er på, så er det dritt. Eg er skuffa over at NRK ikkje lagar eit akseptabelt alternativ, framfor å legge seg på ei linje saman med det dårlegaste av det som er frå før.
Eg ser på programoversitken at dei har fine heimelaga ting som Newton og greie kjøp som sauen Shawn. Men ungane ser jo ikkje fjernsyn på i skuletida på kvardagar. Mine ser fast fjernsyn klokka 18 – 18.30, men er dei trøytte og leie etter skule/barnehage, får dei sjå tv om ettermiddagen og.
Eg får litt dårleg samvit når dei får sjå tv utanom barnetv, og då må kvaliteten på det dei ser i alle fall vere bra nok. 😉
Jeg har fjernet Cartoon og Disneykanalene her hjemme, pga at seksåringen fikk problemer med å rive seg løs fra søpla. Vi setter heller på en DVD når hun skal kose seg litt foran TV`n. Da vet jeg hva hun ser («Olsenbanden på rockern» for ørtende gang ;)) og det har en naturlig slutt. Ingen som maser om at «Bli sittende. Etter dette kommer…»
Jeg ble skuffa over nrk super. Det er ikke stort bedre enn de amerikanske gigantene som sluker ungene våre. Det er også mye egenreklame og mas.
Flott mail du har forfattet, Avil. *tommel opp*
Sånne DVD’er er ofte så lange. Og det er jo så trist å slutte midt i. Jeg synes ikke det er noe enklere enn tv. Men DVD’er med mange korte filmer er fint.
Jeg håper NRK skjønner at her har de og vi foreldre felles interesser i at de sender noe annet enn søppel.
*knegg* Det tror jeg må stemme du!
takk for bloggidol-link 🙂
Håpar prosjektet dykkar blir gøy, Red.
Ja!
Flott innlegg! Litt fakta: Kalle Fürst pensjonerte seg den dagen NRK Super hadde første sending (1. desember), og Bjerkaas er nok kun ansvarlig for det som er ulovlig. Tror du har valgt riktig mottaker for brevet ditt. Og så tror jeg NRK Super ligger i gratispakken i digitalt bakkenet, og dermed blir en kanal alle får inn når det analoge bakkenettet slås av.
Jeg skjønner at NRK er redd for å tape markedsandeler, og ser at de velger den enkle løsningen: Å sende søppel på egen kanal slik at barna ikke ser andres søppel. Det er jo som at Lillestrøm kjøper Vidar Riseth (forklaring: god, men usympatisk fotballspiller, trønder), og supporterne uttaler at «han er et rasshøl, men nå er han i hvert fall vårt rasshøl». Alle trenger jo et rasshøl…
Synd NRK ikke fortsetter satsingen på kvalitet (som de tross alt har på det meste de lager), vi trenger ikke barne-tv dagen lang. Heldigvis finnes det en av-bryter…
Takk for info, Nissemann!