Brennpunkt tok i dag opp arbeidsmetodane og resultata til ein psykiater som arbeider som konsulent i høve gransking av arbeidsmiljø, mellom anna var han med i utvalget som granska Valla-Yssen-saka i LO.
Det framgjekk av programmet at psykiatere ofte deltar i slike oppgåver med å kartlegge arbeidsmiljø, og opptre som organisasjonskonsulentar.

Ein psykiater er ein lege, som etter h*n blei lege har arbeidd innan og teke vidareutdanning i psykiatri.

Psykiatri er den legevitskaplege tilnærminga til psykiske lidingar.
Legevitskapen sitt felt handlar om det sjuke mennesket. Abnormalitetar og patologi. Ein psykiater er ein lege som er spesialist innan psykiske lidingar.
Psykiatere er spesialistar på å kartlegge og diagnostisere psykiske sjukdommar, og å behandle desse innan legevitskapen sine godkjente metodar. Desse metodane er hovudsakleg medisinering, men psykiatriutdanninga består også av ein del teori på psykoterapi, og under utdanningsforløpet skal psykiateren ha fleire pasientar som h*n får psykoterapivegleiing på.
I tillegg til denne legevitskaplege tilnærminga er det vanleg å invitere psykologar til å halde nokre gjesteførelesningar for assistentlegane under psykiatriutdanninga. Då kan tema vere utviklingspsykologi, sosialpsykologi eller andre psykologfaglege tema.
På samme måte som psykologane inviterer psykiatere til å gjesteførelese om psykiatri når psykologane skal lære om dette.

Legevitskapen legg hovudvekt på det som skal legast, det sjuke. Ein lege skal vere grundig og etterrettelig i sine undersøkingar av pasienten, h*n skal kartlegge symptom og gjere seg ein meining om aktuell diagnose. Først når rette diagnosen overvegande sannsynleg er stilt, føreskriv legen behandling.

Sjølvsagt kan legar snakke med folk. Dei er mennesker, overvegande er legar intelligente mennesker som bryr seg om å hjelpe andre. Det er gode egenskapar, om dei ikkje er profesjonelt tileigna.

Og sjølvsagt forstår legar mykje.

Og sjølvsagt er det mykje legar ikkje kan og veit.

Noko av det psykiatere ikkje har lært på medisinstudiet eller i spesialistutdanninga si er å vere konsulentar i høve arbeidsmiljø og personalkonfliktar.
Denne utdanninga omfattar ikkje organisasjonspsykologi, og den omfattar heller ikkje arbeidspsykologi.

Psykiatriutdanninga handlar ikkje om å forstå korleis friske mennesker fungerer saman i grupper og relasjonar. Psykiatri handlar om psykiske sjukdommar og korleis ein kan lege desse. Psykiatri handlar ikkje om sunnhetspsykologi. Det handlar ikkje om sosialpsykologi. Det handlar ikkje om å kartlegge og forstå friske mennesker sin personlegdom, sine handlingsmønstre, sine relasjonelle evner eller evner til å arbeide.

Psykiatriutdanninga er ein god og omfattande utdanning innan det den skal utdanne.

Det gjer den på ingen måte nyttig innan heilt andre felt.
Og på visse felt kan ei slik utdanning vere til meir skade enn gavn.

Dersom ein psykiater, som er utdanna til å grundig avdekke og finne symptom på psykisk liding, vert sett til å undersøke korleis ein person fungerer i eit arbeidsmiljø, er faren stor for at psykiateren vil finne nettopp symptom på psykisk liding, eller tendensar til abnormalitet.

Dette fordi psykiateren ikkje er utlært til å granske eller forstå normalitet.
Normalitet er, sett med diagnostikarens briller, variasjonar over tendensar til abnormalitet.
Einkvar psykisk liding, med psykosen som mest omdiskutert mogleg unntak, er ein forstørring av normalitet, ei overdriving av normalitet, over i det uhensiktsmessige og opplevd psykisk smertefulle.

Me kan alle tenke negativt om nøytrale hendingar, den deprimerte gjer det stort sett heile tida.
Me kan alle eklast ved å ta på eit klissete dørhandtak, berre tvangspasienten vaskar seg tjue gonger etterpå.
Me kan alle få katastrofetankar om me kjenner eit stikk i hjarta. Berre hypokonderen får katastrofetankar fleire gonger dagleg ved normale kroppslege signal.
Og me har alle saman minst eitt eller to trekk frå forskjellige personlegdomsforstyrringar.

Dersom du ikkje veit noko om eit arbeidsfelt, men har lyst til å arbeide med det, har du tre muligheter:

  • Du kan tru at du har ein kompetanse du ikkje har. Då kan du bruke det du faktisk kan, som ikkje er relevant, og lukke augene for din eigen inkompetanse.
  • Du kan tenke at det du ikkje kan, lærer du gjennom praktisk erfaring. Du kan då forsøke å la vere å bruke din eigen irrelevante utdanning, og du kan og stille deg blank og open, audmjuk og nysgjerrig.
  • Eller du kan skaffe deg den kompetansen du manglar.

Dersom ein psykiater er interessert i eit anna arbeidsfelt som handlar om relasjonar og samspel mellom friske mennesker, eit arbeidsfelt som krever kompetanse om mellom anna forståing av det normale individet, om gruppestrukturar, gruppedynamikk, eit arbeidsfelt som krever kartleggingsverktøy i høve enkeltpersonar, organisasjonar og arbeidsmiljø, har psykiateren også tre muligheter:

  • Psykiateren kan tru at h*n har den naudsynte kompetansen, og bruke psykiatriutdanninga si i dette virket. H*n kan då utøve ein virksomhet som både er på sida av det som er ønska, og risikere å utøve skade.
  • Psykiateren kan akseptere sin manglande kompetanse, og audmjukt og interessert freiste å tileigne seg denne gjennom praksis. I så fall bør psykiateren legge til side sin yrkestittel og ope dele med arbeidsgjevar at h*n her ikkje opptrer som psykiater, men som eit interessert og lærevillig menneske med livserfaring og arbeidserfaring som kan fungere som eit utgangspunkt for å lære seg eit nytt virke.
  • Eller psykiateren kan utdanne seg som psykolog.

Postpost: Psykiatarane sin eigen fagforeining reagerer også på den framstilte samanblandinga av helsepersonell, konsulent, karakteriserande utsegner som kan minne om psykiatriske vurderingar og undersøking av konflikt på arbeidsplass.

Advertisements