Ungane sat og såg barnetv mens eg sto ute i kjøkenet, då eg overhøyrde presentasjonen av “Dyrlege Due”. Eg fann ut at tidspunktet var komme: Eg debuterte som synsk ropedame.

– Ungar, eg kan spå!
– Kan du?
– Jepp! Eg er synsk og eg forutser at ho der dama med kattane kjem og er slitsam, og at geita Joar rotar seg ute i trøbbel og at den der hunden reddar dagen.
– Kjem alt det til å skje?
– Minst ein av tingene i alle fall! Eg føler det på meg!

Dei var ganske imponerte.

Advertisements