Marie har gitt meg til ein brillefin pris.

Eg deler vidare ut til følgande:

Aina: Ganske nyoppdaga blågg for meg. Ho skriv godt, les bøker, er ikkje redd for å kritisere eller vere usamd. Snart debutant hos Samlaget. Ein fin blåggar.

Indregard: Det er sjeldan keisamt med folk som er grundige.

Delirium: Ho kan noko om å leve som det er verdt å lese.

Drusilla: Eg er innom kvar dag. Det kjem liksom aldri noko dumt ut av den dama.

Virrvarr: Noko meir sympatisk skal du leite lenge etter.

Mihoe: Klok, vaken og underhaldande.

Kvitveis: Det føles som om eg kjem inn i eit hemmeleg blågg, og oppdagar eit vakkert menneske som ingen andre har oppdaga enno. Uansett kor mange lesarar ho har, det berre er slik.

Mona: Eg har møtt ho. Eg sa sikkert mykje dumt. Eg skal aldri meir møte ho. Heldigvis. Eg er så redd, så redd for å øydelegge alt. Eg er alt for betatt.

Iskwew: Det er aldri galt å kunne noko. Det er aldri galt å vere klok heller. Her går ein liksom aldri feil.

Fjordfitte: Den skarpaste.

Undre: Engasjert og raus. Nokre av favoritteigenskapane mine.

Esquil: Prosjekt, noveller, ein tekstflaum som aldri tek slutt. Gode guten.

Dette er dei blåggane eg oftast besøker. Takk for at de gjev dagen min så mykje. Eller i alle fall kvelden. Eg er jo eigentleg ikkje på nett om dagen.

Dei må gjerne dele prisar ut til sine eigne kvardagsfavorittar, om dei har lyst.

Advertisements