Etter gårsdagens episode av Ut i vår hage (med hitlifisering av nynorskrørsla), intervjua eg leiaren i Noregs mållag, Hege Myklebust.
Kva syns du om Ut i vår hage sin målrørsle-sketsj?
He, he, eg hadde frykta det vart verre! Eg har lenge visst at eit slikt
program var under oppsegling, for alt i fjor vår lak det ut eit bilete
av ein nazifisert mållagslogo frå NRK, men eg visste ikkje kva innhaldet
kom til å bli. Eg lo godt fleire stader, sjølv om eg ikkje tykte dette
var det beste programmet så langt (den fyrste episoden om Söta bror er
hittil beste). Det med haldningskampanjen var moro! Diverre hadde dei
klypt bort ein liten sekvens som dei viste på nettet etterpå – om
korleis dei hadde putta dei svake verba ned i eit hol i kjellaren og
tvinga dei til å bli sterke – den var kjempeartig! Dessutan måtte me
sjølvsagt knyta dette til vår eigen haldningskampanje.
Kva prosentdel nynorskbrukarar kunne du ønske deg å oppnå dei neste ti åra?
Det er sikkert langt mellom ønskje og realisme, men det burde vera
mogleg å snu den nedgangen i nynorskbrukarar me har sett til no. Det er
nemleg mange piler som peikar i motsett retning, og greier me utnytta
det potensialet som er der no, burde me kunna byrja å auka att. Kva med
25 % om ti år? Det ligg kanskje passeleg midt imellom ønskje og realisme.
Kva treng me ei målrørsle til i 2008?
Målrørsla har spela ei viktig, om enn skiftande, rolle i alle dei over
100 åra ho har eksistert. I dag meiner eg samfunnet er på veg i heilt
feil retning på så mange område at det blir alt for langt å ta det opp
her, men målrørsla er ei av motkreftene som dreg i andre retninga. Eg
trur både nynorsk og norsk språk generelt er avhengig av at me framleis
har ei målrørsle, og norsk språk treng at nokon er opptekne av det og
arbeider for å fremja det. Eg kunne elles tenkja meg å visa til eit
lesarbrev som to av styremedlemene «mine» hadde i Klassekampen i går, som seier mykje om målrørsla si rolle i dag.
Kva ambisjonar har du på vegne av nynorsken?
Eg vil at nynorsk skal vera eit levande bruksspråk over heile landet. Eg
vil at kven som helst skal kunna bruka det når som helst og til kva som
helst, og at alle nordmenn skal møta nynorsk dagleg. I avisene,
vekeblada, på butikken og på jobben, om dei så jobbar på Oslo Børs. Over
alt skal det vera jamstelt med bokmål, og ingen skal spørja «jammen
kvifor skriv du nynorsk?»
Kva syns du om Kristin Auestad Danielsen si diktsamling «Nynorsken»?
Eg må faktisk tilstå at eg ikkje har lese heile enno, berre utdrag her
og der, men så langt eg kan sjå er det ei flott diktsamling som botnar i
masse kjærleik til nynorsken. Me har tenkt å invitera forfattaren til
landsmøtet vårt. Håpar ho kan!
Drikk du i det heile tatt mozell?
He, he, det er svært sjeldan! Eg held meg mest til raudvin og farris.
Biletet er tjuvstjåle frå målrørsla. Håpar ikkje fotografen blir lei seg. Men det var naudsynt å vise at mållagsleiaren er akkurat så intellektuelt sexy som ein kunne håpe på.
Og målrørsla let seg inspirere.
Eg må berre føya til at Uti vår hage sist veke var kanskje endå betre enn den fyrste episoden om Söta Bror!
Nordlendingen som mister dialektmelodien sin fordi kommunen ikkje har betalt dialektavgifta! Og alle dei kunstnariske og intellektuelle som reiser til Oslo for å realisera seg sjølve, men blir skotne med døyvande piler og frakta ut på bygda for å «klara seg i sitt naturlege habitat» – fantasktisk!
*spring og leitar på nett*
Fint intervju.
Når vi likevel er i det språklige hjørnet, så vil jeg påpeke at programmet heter uti vår hage, uten mellomrom mellom «ut» og «i», av uvisse årsaker.
/pedant
Eg lurte litt på det, Simen.
Uti vår hage – uti vår hage – uti vår hage.
Nå var strengt tatt den første episoden den beste i denne runden. Til tross for Oslo-losen i forrige ukes episode.
det er safe å mene at den første episoden er best, serier som er så korte starter typisk med den beste episoden, for å få igang seertallene. det gjorde definitivt uti vår hage 1, som startet med den hsitoriske höydaren om danskene som ikke lenger forstod hverandre.
men, kjenner du hege, avil, eller er det kosher for bloggere å leke avis nå? jeg prøvde å intervjue et par journalister en gang, bla anders g i æ v e r, men det lå ikke innen deres verdighetsområde å bli med på.
Hege har openbert eit vidare verdighetsområde enn Anders G.
Nok ikkje berre fordi eg kjenner ho, men også fordi ho er ei gjev godjente. 🙂
«Uti vår hage» er ein låt frå det svenske bandet «Gudibrallan». Det er også ein eldgammal svensk teikneserie somheiter det same. Anar ikkje kor karane tok namnet frå.
Eg har dei klokaste lesarane.
Tilbaketråkk: Kor er gjøken? « Vårljos
Tilbaketråkk: Intervju i lokalt mållagsblad « Haustljos