Kan hende burde eg slett ikkje leike forfattar. Kan hende burde eg innsjå at eg er for kresen og sart og vanskeleg. Eg klarar ikkje skrive bok på kveldstid.

Verda er full av folk som er i 100% jobb og riv av seg bøker med begge hender likevel. Men eg må slutte i arbeid på grunn av mitt sarte sinn.
Eg klarar ikkje eingong skrive noko når eg har ein sjuk unge heime. Ikkje eingong om den sjuke ungen sit musestille i sofaen og ser film. Ikkje eingong då ho sovna, stakkars lita, blei det noko skriving på meg.

No skal eg dra ut på ein gard på ei lita øy, og fyre i ovnen og ikkje ha internett, og vaske håret i kjøkenvasken og sove med to dyner og pledd.
Det kan ikkje vere meining skapt i at det skal så forbaska mykje til for at eit vanleg, oppegåande menneske får til å konsentrere seg.
Heilt ærleg.

Eg duger sikkert ikkje til dette.

Eg er sikkert ein svermerisk middelmådighet.

Akk o ve.

Advertisements