Berre prestar og advokatar har absolutt taushetsplikt. Men ingen av dei er omfatta av lovverket for helsepersonell og spesialistar i helsevesenet.
I dag undrar eg meg over kva lovverk eller fagetiske råd som regulerer prestar som velger å offentleggjere sårbare mennesker sine historiar. Å bli vist tillit handlar om å vise seg etisk verdig. Kva skjer når denne tilliten blir forvalta dårleg?

Ein prest som har fungert som sjelesørgar kan dermed nekte å gje opplysningar i retten, der ein psykiater eller psykolog kan påleggast å sette taushetsplikta til side.
Men ein prest og sjelesørgar kan openbert gje ut ei bok om ein «klient» og samstundes henge ut vedkommande sin arbeidsgjevar som mobbar.

Lovgjeving kring taushetsplikt tilseier at den opplysningane handlar om sjølv eig desse opplysningane, og ein klient kan dermed sjølv oppheve taushetsplikta. Men det skal likevel mykje til for at ein terapeut ser det tenleg for klienten å gå ut med opplysningar som er gitt av eit menneske i det heilt spesielle rommet for tillit som terapirommet er.
Det er også sjeldan kost at ein sjelesørgar skriv bok om folk som har betrudd seg i sorg og krise.
Ikkje berre fordi folk sjølv ikkje ønsker å offentleggjere det mest private, men også fordi ein har eit særleg ansvar for å ivareta folk som velger å oppsøke ein som profesjonell og støtte seg til ein i krisesituasjonar.

Utfrå innhaldet i denne artikkelen meiner eg det er fleire enn forleggarane som bør reagere her.
Kan hende ville det ikkje gjere nokon forskjell, sidan den enkelte sin dømmekraft kan svikte i alle tilfelle, men eg undrar meg over kva lovverk og etisk fagråd som kan stille denne sjelesørgaren spørsmål om ansvar og etikk.

Tillegg: Som det framgår av kommentarfeltet under, kan artikkelen lesast slik at forfattaren av boka ikkje var sjelesørgar for vedkommande som har gitt han lov til å skrive si historie, eller på andre måtar kunne skuldast for å samanblande rollene som prest/sjelesørgar og forfattar. Eg let likevel posten bli ståande, då eg i utgangspunktet finn dei etiske spørsmåla generelt interessante.

Advertisements