Eg har altså vore i sommarhuset og skrive om dei første 103 sidene i romanen, samt skrive ein del nytt. Boka er ikkje i nærleiken av å vere ferdig, og strengt tatt burde eg slutte med blågg, vin, tv (farvel, Bård), trening og knipe litt inn på dette med søvnen. I alle fall om meisterverket skal bli utgjeve allereie til hausten. Desse åtte dagane i villmarka (altså utan familie og internett, men med elektrisitet og innlagt vatn) gjorde underverker. Eg kan berre anbefale det. Stikke av frå heile livet og skrive.

Så kjem eg heim til ein forsmådd blågg, og ikkje har eg så mykje blåggstoff på hjarta heller. Anna enn at det er leit at Manuela er så jækla dust. Ho kunne godt ha takla pressen betre, slik at me verkeleg kunne fått kaste oss over det viktige her, nemleg at ho velger seg eit ombod som er jurist, etter at psykologen som var der før bytta ut heile det fast ansatte støtteapparatet på ombodskontoret med juristar. Ombodskontora bør ikkje vere pliktoppfyllande paragrafryttarar, men kunne komme med sjølvstendige utspel til forbetring av både rammevilkåra og korleis rammene blir fylt.

Og det er også leit at Barack Obama blir meir og meir tåkepratpredikant, og snart berre er ein karismatisk halo.

Fordi eg har så lyst til at Noregs første svarte innvandrarminister skulle vere kul, og at Amerikas første svarte presidentkandidat også skulle vere kul. Men så er dei akkurat like teite og vanlege som alle andre folk. For det er jo slik verda er. Dei svarte og brune er rett og slett ikkje kulare enn oss jødar og kvite. Statistisk sett er dei gule litt kulare enn oss, men det syns ikkje så godt i politikken.

Så. Over til å reise kjerringa.
For hos Virrvarr fann eg eit sånn test-deg-sjølv-om-du-er-kjerring-meme, og eg går veldig sterkt ut frå at eg er ei kjerring. Fem ja-svar er faresone, ti ja-svar er skikkeleg kjerring og tjue ja-svar er rett på gamleheimen. Virrvarr rauk rett på pleieheimen og eg har vunne over den dama før.

Rull test!

Du bruker meir penger i veka enn i helgene:
Ja. Då er jo butikkane opne. *pling*
Du har duk og blomsterpotte på TV-en:
Nei. Flatskjerm. Dessutan er det farleg med blomar på tv. Det kan komme vatn ned på elektriske greier.

Du rydder jamnleg i djupfrysaren:
Nei. Eg har ikkje djupfrysar, og om eg hadde, ville den bestå av arkeologiske Hennig Olsen-produkt.

Du synes det kunne vært gøy å prøve “ein sånn hurtigvin”:
Det var gøy. Då eg var 20. Den triste anarkisten eg var kjærast med drakk heile dunken i lag med to kompisar. Det var før den var ferdig. Dagen etter vakna den eine kompisen på badet vårt og var redd handa si. No kjøper me berre alt for dyr vin på polet.

Du veit kva du skal ha til middag på søndag allereie på onsdag:
Nei.

Du syns fersk gjær er betre enn tørr gjær:
Ja. Det er lettare å porsjonere, og det einaste som duger til kaldheving. *pling*

Du synes middag kl 19.00 er seint:
Nei. Me et som regel halv sju, men det hender ofte klokka blir sju. Akkurat passe.

Du har fem kasser med julepynt:
Nei. Eg har to.

Du kjøper julepynt på salg i januar:
Ja! Det gjorde eg i fjor! *pling*
Du snakker helst med kvinner på fest:
Nei. Kvinner pleier å spørre med sånt uekte smil og eg har det fint på jobb og korleis det går med ungane. Det er ikkje fest, det er møteverksemd.

Du blir lykkelig over in ny kjele:
Nei.

Du lager pudding eller grateng av alle middagsrester:
Nei, men det er fordi eg er gift med ein mann som et opp all maten. Argh. Han stel kjerringpoeng. Argh.

Du spiser Kongen av Danmark eller Honningkamfer:
Nei, men eg et halslinser. Ofte. Og eg har gitt bort honningkamfer til folk. Og eg brukte honningkamfer til å lage vindu i pepperkakehuset. Om ikkje det er kjerring, veit ikkje eg. Sjølv om det var mannen min som laga det. Men eg laga pepperkakehjarte med honningkamfervindu. Så! *halvt pling*

Du et alltid rekecocktail til forrett:
Nei. Kva er det eigentleg. Hakka kinakål med thousand islands og reker få boks?
Du syns det er festleg med fiskekabaret:
Nei, men eg syns det er festleg med aspik. *halvt pling*

Du begynner å bruke de broderte dukane som du har fått av svigermor:
Nei. Ingen dukar, verken på bord eller i gåve eller hos svigermor. Ho er dansk. Dei veit ikkje kva løpar er eingong.

Du har ferdiglaga middager med på påskeferie:
Nei. No måtte eg le.

Du synes dronning Sonja har mange artige hatter:
Visst har ho det, og eg bur berre femti meter frå favorittmodisten sitt atelier. *pling*

Du går med lysebrune nylonstrømper til skjørt:
Mørkebrune. Eg skjønar det her er antyda slike hudfarga, tynne strømper. Ikkje mine tjukke, mørkebrune. Men eg får eit halvt pling likevel. *halvt pling*

Du har tellekant på trusene:
Nei. Eg forstår ikkje spørsmålet, så det har eg sikkert ikkje.

Du har bretta plastposar i veska i tilfelle du skal handle noko:
Nei, men det burde eg verkeleg ha. Tenk at verdas snart største kontinent består av ikkje nedbrytelege plastmolekyl som flyt i daudsona i stillehavet.

Du sjekker kølappen på polet kvar gong det plinger:
Eg er ein kølappkikkar, men me har sjølvsørvis-pol. *halvt pling*

Du tar bilde av din praktfulle balkongkasse og viser det fram på jobben:
Nei. Men eg drar gjester med rundt i hagen for å sjå kva som spirer.

Du synes det er for seint å gå på nier’n på kino:
Nei.

Du får såpe i julegave:
Ja! *pling*

Du plukkar bort støv og hår frå andre sine klede utan baktanker:
Ja. *pling*

Du bruker samme tepose to gonger:
Nei. Eller jo, om me er to stykker som skal drikke te. Då kan posen godt få vandre frå kopp til kopp. *halvt pling*

Du har med pute når du skal kjøre langt i bil:
Ja. Eg har ungar. Og dei har det comfy. *pling*

Du melder deg inn i bokklubben berre for å få kaffeserviset:
Ja. Eg gjorde det då eg var ni år gammal. Og meldte meg ut etter å ha fått den første tallerkenen. Det var ganske gratis. Mor mi fekk tallerken til jul. *pling*

Du har våtservietter i bilen:
Ja. *pling*

Du soler deg i vanlig BH:
Ja! *pling* *hagemenneske*

Du danser swing til all slags musikk:
Nei. Eg dansar som ei sensuell høne, i følge ein «venn», så no dansar eg ikkje meir.

Du svømmer som en hund for ikke å bli våt i håret:
Nei.

Du kjøper “gode” sko:
Ja. Etter å ha kjøpt fornuftige støvlettar to år på rad fortener eg dette plinget. Verkeleg. *pling*

Du har paraply i håndvesken:
Ja, om eg skal nokonstad og det veret ser skummelt ut. *pling*

Du tar sjølv initiativ til slektsstevne:
Nei. Og neitakk.

Du tar vare på tomme rømmebokser og syltetøyglass:
Nei. Men eg burde, for frosten sprengte i filler alle dei fine glaslyktene som hang i epletra. 😦

Du bruker sukkerbit til kaffen :
Nei. Men det hender. Om det står sukkerbitar på bordet, gjer eg. *halvt pling*

Du serverer fyrstekake, rullekake, smurt lefse eller smultringer når du inviterer til kaffeselskap:
Denne trumfar eg glatt med heimebakt bladkrans. *pling*

16 pling!
*sjekkar Virrvarr*

Argh. Argh. Hurgh.

Advertisements