Eg innser at eg ikkje gjer det.

Det har dei siste dagane blitt avdekka konkrete planar om å drepe ein dansk politisk satireteiknar. Som reaksjon på dette velger danske aviser å demonstrere at dei ikkje vil sensurere sine teiknarar og skribentar. Ved å trykke den mykje omtala teikningen, demonstrerer dei at truslar, vald og terror ikkje skal få styre danske media.

Nokre kaller dette idiotisk og provoserande.
Eg kallar det ein gripande og utruleg viktig demonstrasjon av den mest grunnleggande av alle menneskefridommar, retten til å ytre seg.
Dersom me her i vårt eige land skal vere så redde for å publisere tekstar og teikningar på blåggane våre, i avisene våre og i litteraturen, at me sensurerer oss sjølve, gjev me makta over vår eigen ytringsfridom i hendene på einkvar terrorist, einkvar akademikar eller analfabet som velger å brenne flagg eller kaste stein.

Og eg innser at eg ikkje ville turt å lage ein teikneserie på min eigen blågg som tulla med islam. Eg ville ikkje turt å lage ei under-burkaen-stripe. Eg tør rett og slett ikkje tulle med muslimar eller islam i det heile tatt. Eg er oppriktig redd for det. Eg anar ikkje kva som ville skjedd med meg, om noko ville skjedd. Men eg let vere. Fordi eg er skremt.

Eg fattar ikkje at nokre vil at me skal gje frå oss retten til å ytre oss i eige land så lett.
Det gjer meg trist.
Trist og skremt.

Men eg ser at eg trass mine haldningar og mitt engasjement for ytringsfridommen, allereie driv sjølvsensur.

Reklamer