Ja, slik står det til for tida. Redaktøren er begeistra (!) etter siste gjennomarbeiding av manus. Men eg har framleis kun skrive halve boka. Det er mykje igjen.

Det er jammen ikkje lett å styre med tida si. Utanom bokskriving fins jo internett og familie og venner og trening og måltider og søvn og slikt.
Eg er blitt litt tynnare. Ikkje har eg trent heller. Venner ser eg knapt. Og sove kan ein gjere når ein blir gammal. Ungane må få omsorgsdosen, så der er det ikkje noko å gå på.

Eg har blågga lite, som de ser. Men så stikk eg trynet innom nettet likevel, og engasjerer meg i kommentarfelt og forum og debattar likevel. Kvifor? Ja, ein kan undre seg.

xkcd har svaret: Så lenge nokon der ute tar feil, kan eg jo ikkje gå og legge meg.