Eg får så vondt av blåggen. Så no skal eg berre ause ut med litt tomsnakk.

Eg såg nettopp ein fyr på tv. Han og nokre kompisar syns dei som dreiv velukka musikkarrangement var jævleg kommerse og berre seifa og ikkje gøtsa. Dessutan hadde kjedelege rockeband klippekort og så hadde dei nokre skinnarrangement innimellom. Han smilte, men var veldig sint inni seg sikkert. Eg er ganske sikker på han var ein trist anarkist.

Eg har kjent nokre sånne. Eg har faktisk vore kjærast med fleire. Dei kan grusomt mykje om band ingen kjenner, og alle som ikkje kjenner til den samme musikken er urteite, men dersom andre oppdagar desse banda, sluttar dei jo å vere kule og då teller det ikkje. Slike triste anarkistar veit at alle makthavarar er korrumperte, og det gjeld alt frå sosionomane på sosialkontoret til kommunepolitkarar og sjefar i næringslivet og dei som sit på tinget. Korrumperte av eiga makt, og derfor burde me ha anarki.

Triste anarkistar meiner alle bør dele alt etter behov og øltørst og ikkje vere så jævla opptatt av eigedomsrett og slikt. Derfor ahr eg stort sett forsørga dei så lenge eg har vore kjærast med dei. For eitkvart overskot i økonomien må fluksens delast med tiggarar og kompisar på byen og alle som ellers er verdig trengande ikkjekapitalistiske ikkjesvin.

Arbeid er for folk som er så jævla føkka i hovudet at dei held ut systemet, og det er fordummande og heilt på trynet med kontorjobbar og er du klar over at ein kan lide av hjernedød om ein må gjere slikt som andre seier heile dagen frå åtte til fire? Eller ni til fem, som triste anarkistar gjerne seier, sidan dei har lite reell arbeidserfaring og har høyrt Dolly Parton. Ho var nemleg kul før folk begynte å akseptere køntri. Altså etter ho var kjent og mykje spelt på radio første gongen og før ho blei det igjen. Du veit. Derfor må triste anarkistar gjerne røyke hasj på dass på kontorjobben sin eller ikkje komme mandag, torsdag og fredag grunna fyllesjuke. Ikkje fordi dei eigentleg drikk eller dopar seg.

Nei er du gal. Dei berre er så superintelligente at dei må vere fulle for å orke vanlege folk. Sjølvmedisinering for hyperintelligente. Det er verkeleg ikkje til å halde ut å vere med sånne gjennomsnittlege ultrakjipe streitingar som syns det er greit å gå med jakke frå Ellos.
Ja, ikkje fordi triste anarkistar bryr seg om mote.
Dei bryr seg om sin heilt eigen individuelle stil, slik som dei fem andre aksepterte i inngruppa si, som er så spesifikk at den nesten ikkje fins. Men den fins. Er du gal. Dei fins i alle fall platonisk sidan alle dei som ikkje høyrer heime der er så lette å gjenkjenne.
Dei er gubbar og kjerringar og kommerse og idiotar heile gjengen.

Ikkje fordi dette er noko nytt.
Alle kjenner slike triste anarkistar. Dei er blitt folkemoro no, med Nemi og slikt. Alle har sett desse triste anarkistane på gata og lurt litt på om dei var slemme kriminelle og narkomane eller berre arbeidssky satanistar. No veit alle at dei er triste anarkistar.
Og kan fnise litt over kor begredeleg misnøgde dei ser ut der dei lutande og tynne stakar seg gjennom folkemengda, litt utpå ettermiddagen, på veg mot ny bomma fyll som kjem til å koste ein liten promille av studielånet til ei eller anna naiv, hennafarga berte med dragetatovering på skuldera.

Han fyren på tv var så opptatt av integritet.
Derfor avslutta intervjuet kanskje litt ekstra begredeleg for han. Litt ekstra trist, faktisk.

Journalist: Du har sagt at [masse piss]
Trist anarkist: Det har eg ikkje sagt.
Journalist: Du sa det i stad.
Trist anarkist: Jammen, då filma du ikkje.

Nett no sit nok den triste anarkisten på ein bar og gremmes over kor utruleg teit han journalisten var og dei andre som var med og fy faen for eit opplegg.
Og du kan gå forbi og humre litt og tenke at han jammen meg tek seg sjølv høgtideleg og kanskje skjemst han litt over å vere så teit og.
Og han kan tenke det samme om deg, og tenk så vakker verda er når inni er me like.

Advertisements