Det er kjekt å skrive bok. Men det er ikkje kjekt å berre skrive bok. Eg har skaffa meg eit sosialt likviditetsproblem som heiter økonomisk avhengighet. Forsørgaren er travelt opptatt på dagtid og kveldstid. Eg skriv. Eller ikkje skriv. Alt ettersom. Men eg sit no her. Og så er eg småbarnsmor frå henting til legging. Etterpå sit eg her igjen. Forsørgaren går på jobb igjen. Det er ikkje så gøy. Eg saknar ikkje jobb, men eg er begynt å sakne folk.

Boka skal bli ferdig og då får eg leve utan folk litt til.

Og så har eg snakka med fagforeninga i dag. Om å ikkje jobbe, og betale mindre i medlemsavgift. Det var ein rar samtale. For eg må bevise at eg ikkje har nokon inntekt. Men dei veit ikkje korleis eg skal bevise det. Eg kan drasse fram bankkontoen min. Men sidan eg har to usle bankkontoar eg ikkje har brukt på fleire år, virkar det som eit temmeleg dårleg bevis. Eg meiner, eg kunne jo ha vist dei manglande inn-og-ut-action i Fokus bank både i fjor og året før. Sjølv om pengane strøyma både inn og ut av kontoen i Sparebanken. Så korleis beviser eg at eg ikkje har inntekt?
Det måtte dei tenke på. Dei skulle ringe tilbake med klart svar straks og fluksens. Det er nokre timar sidan.

Eg er litt i midtromankrise, trur eg. Første del er snart i boks, redaktøren er glad og eg har gjort jobben min. No skal eg skrive resten.

Eg får fantasiar om å bu i kollektiv, om å reise bort og gøyme meg i sommarhuset i ein månad utan å sjå verken folk eller familie. Eg vil ha folk på besøk, men alle er så slitne i kvardagane sine. Og eg er mest sliten av å glo inn i denne skjermen.

Eg er litt sånn lei. Puff. Ut med det. Bort med det dumme. Fram med ein kopp te og ei skive heimebakt brød. Danse litt på stovegolvet. Skrive meir. Slutt med dette tullet.
Skriv, kvinne. Du har stelt deg temmeleg dumt om du ikkje skriv no. Verkeleg.

*sjølvoppkjefting*

Advertisements