Det er stor forskjell på å skrive ei fortelling og på å jobbe med teksten.
Først tenkte eg mykje. Då var det store vyer og leik.
Så skreiv eg mykje. Då kunne eg innbille meg at eg var genial. Eg er lettrørt, og lar meg bevege av mine eigne ord. Det er ganske fantastisk å sitte i si eiga stove og skrive, mens tårene triller over min eigen fortelling. Det er ingen vitner, så eg kan gje meg fullstendig over til min eigen sjølvforelsking. Hadde eg ikkje vore så utleverande at eg blogga om det, kunne det til og med vore heilt hemmeleg at eg i blant syns eg er så genial at eg blir rørt av mine eigne ord.

Men så skal andre lese. Og dei forstår kanskje ikkje heilt kva eg meiner her og der, kjedar seg i blant og irriterar seg over ting. Og det er faktisk meininga at teksten skal vere godt leseleg for andre, ikkje berre for meg.
Så då må eg jobbe med teksten. Og då, DÅ er det ikkje muleg å innbille seg at ein er genial. Då må eg ta inn over meg at dette også er handverk. At det er mykje å lære om korleis ein god roman er bygd opp. At det ikkje er guddommeleg inspirasjon eller eigen genialitet aleine som gjev resultat, men arbeid. Kunnskap. Og eg vil jo så gjerne at den første boka mi skal bli så bra som muleg

Heldigvis fins det folk som kan dette handverket. Og som er villige til å lære frå seg. Til meg. Eg er priviligert. Verkeleg.

Det er rart å jobbe så lenge med ein tekst. Eg har jo holdt på med denne boka i to år, og det manuset som ligg her no har eg sikkert lese gjennom og skrive om snart tjue gonger. Det har løsna veldig etter eg fekk ein redaktør å spele på lag med. Eg syns omarbeidingane går merkbart i rett retning no.

«Heldigvis» er halve boka enno ikkje skrive eingong, så eg har mange fine stunder foran meg der eg kan skrive i veg og syns eg er genial.
Men det er merkeleg nok nesten like tilfredstillande med «handverk»-delen. For eg har enorm respekt for skrivekunsten, og syns det er utruleg kjekt å få lære korleis ein gjer ting skikkeleg. Eg føler det som at eg snik meg til å utdanne meg igjen. Smugutdannar meg.

I dag er eg ikkje så lei.
Og no skal eg skrive på eit nytt kapittel og vere genial nokre timar. I alle fall innbille meg det.

Reklamer