I eit demokrati er ytringsfridommen den mest grunnleggande av alle rettar, og muligheten til å endre andre si meining den ultimate maktfaktor.

Avgrensingane vert trukke opp av eigedomsrett, personsjikane og kvar enkelt sin moral.

Reglar duger berre om dei anten er forstått og aksepterte, og dermed integrerte, eller om redselen for negative konsekvensar ved regelbrot er så stor at den hemmer impulsen til å bryte regelen.
Integrerte reglar er vanskelege å skille frå den enkelte sin moral, om det i det heile let seg gjere.

Redselen for negative konsekvensar er ingen attraktiv måte å styre eit sosialt system på aleine, men håpet er jo alltid at dette berre skal vere eit ledd i den enkeltes utvikling i retning av integrerte reglar.
På samme måte som røykarane for fire år sidan blei jagd på gata frå kafear og restaurantar mot sin vilje, og no nektar å komme inn igjen sjølv om dei får lov på private festar.

Som medblåggarar har me ingen sterke verkemiddel når me vil gje dårleg oppførsel negative konsekvensar.
Me kan argumentere eller kjefte i kommentarfelt, me han slette kommentarar i eigen blågg, og me kan ignorere folk.
Argumenter virkar best mellom venleg innstilte debattantar, med respekt og sympati for kvarandre. Kjeft virkar sjeldan som anna enn ubehag, og for å hanskast med ubehaget er det vanleg at ein reduserer den kjeftande motstandaren og dermed gjer seg utilgjengeleg for [dei ønska] endringar.
Sletting av kommentarar virkar sjølvsagt utmerka lokalt. Dersom mine kommentarar blir sletta i ein blågg, styrar eg utanom den blåggen seinare.
Boikott og ignorering fungerer sjølvsagt om alle opptrer samla, men no fins det heldigvis ingen partipisk her, så det skjer ikkje. Og i praksis overlet ein då arenaen til dei som er enige i den dårlege oppførselen, så dei lukkeleg kan støtte kvarandre i at alle er enige i fråveret av motstand.

Om me ønsker å ha eit sett reglar som skal følgast i Blåggeby, må me satse på moral og god oppdragelse. At folk har med seg det dei treng av anstendighet inn på internettet.

Og det fungerer faktisk temmeleg bra.

Det fins unntak. Det fins dårleg oppdratte folk, sjuke folk, forstyrra folk, folk som let all anstendighet fare i private korstog, folk som er så sinte og fortvila over noko at dei angrip og krenkar. Og det fins folk som trur at internettets anonymitet gjev dei fridom frå vanlege sosiale reglar.

Men alt i alt syns eg internett generelt og blåggebyen spesielt viser at folk flest er greie og anstendige.
Og det virkar som om dei aller fleste har forstått at dei først og framst har makt over sin eigen oppførsel.
At den avmakta ein føler overfor andre sin uanstendighet kan oppvegast av den makta ein har over eigne ord.

Advertisements