I høve Kvinnedagen vil eg gjerne få takke alle dei som har kjempa for likestilling og kvinner sine rettar dei siste mange, mange åra.

Eg har vakse opp med foreldre som stadig stadfestar at menneskeverd ikkje handlar om kjønn.

Eg har fått tru på meg sjølv og fått rom til å tenke og vere sjølvstendig på mine eigne premissar.

Eg har tatt ei lang utdanning på universitetet, utan nokonsinne å bli stoppa eller mistenkeleggjort eller sett stygt på grunna kjønnet mitt.

Eg har fått jobb, med utfordringar som krev kloke beslutningar, dømmekraft, autoritet og sjølvstendighet.

Eg har vore tillitsvalgt og forhandla om lønn, og lokalt sikra at ei yrkesgruppe med stor kvinneandel fekk lik lønn som ei anna yrkesgruppe med flest menn og like lang utdanning.

Eg har fått vere heime eitt år med begge ungane mine, utan å møte vanskar på arbeidsplassen.

Eg har fått realisere alle draumar eg har hatt, og eg har fått utforme livet mitt utan å bli møtt med verken glastak eller fordommar mot kvinner på dei arenaer som har betydd noko for meg.

Kollegaer og venner lytter til kva eg har å seie, og eg kan argumentere sakleg utan å kokettere eller ufarleggjere meg sjølv for å bevare min identitet som kvinne.

Alt dette har vore muleg i mitt liv, fordi andre har kjempa kampar før meg.

Tusen, tusen takk.

Advertisements