No er det vår, og sola er tilbake. Det betyr at me igjen kan gå ettermiddagsturar. Det er fint med eit mål der ein tar pause, og då forventer ungane mine eventyr. Når me ser ein stor stein dei kan sitte på, gaular dei «eventyrstein!» og set seg godt til rette. Det er greit å kunne nokre fortellingar, som ein kan variere.

Eg tenkte eg skulle dele fleire av desse historiane som passar bra å fortelle born på tur.
Her er ein favoritt dei aldri blir lei av, og eg har fortalt den med mange variasjonar, alt etter korleis det ser ut rundt der me er.

Fortellinga om huldra

Det var ein gong ein mann som var bonde. Han hadde ei kone og to ungar, og ein fin gard med kyr og sauer, og ein hest som var til god hjelp både på åkrane og i skogen.
Ein dag ville han ut i skogen og merke tre som skulle hoggast, og han kyssa kona og ungane farvel, og reid ut aleine. Eit stykke inne i skogen syns han at han kunne høyre ei lite bjølle. Det ringla så lyst og fint, og han steig av hesten og fulgte lyden inn mellom trea. Der fekk han sjå ein flokk bittesmå sauer som gjekk fint på rekke mellom buskane, og den forrerste sauen hadde ei bittelita bjølle som ringla så klårt som ein bekk. Dette var det raraste mannen nokonsinne hadde sett, og han fulgte etter dei kvite, små sauene lenger inn i skogen. Der såg han plutseleg ei hytte, så lita og rar og rund, og sauene gjekk inn den opne døra i hytta, ei etter ei.
Mannen forsøkte å kikke inn i hytta, men det var heilt mørkt. Han la seg ned og ålte seg inn døra, men inne i hytta var det ingen sauer. Det var berre ei trapp som gjekk rett ned.
Mannen begynte forsiktig å gå ned trappa, og det blei mørkare og mørkare, og til sist var det heilt svart rundt han. Trappa fortsatte, og mannen gjekk lenger og lenger ned, og så blei det lysare og lysare. Til sist kom han heilt ned, og der opna det seg fagre, grønne enger og det var lyst som midt på dagen.
Han såg ein gard bortanfor engene, og tenkte dei små sauene kan hende høyrde heime der, så han gjekk over engene og markene til han kom inn i gardstunet. Det var ein vakker gard, med store hus, vakre blomar og alt var så velhaldt og flott at han aldri hadde sett makan.

Han banka på døra på garden, og ut kom ei kvinne. Ho var så vakker at han måtte blunke, med lange fletter og og vakre smykker, og heilt nederst, ved kjolekanten, syns han nesten det såg ut som ho hadde enden på ein kuhale hengande.
– Velkommen til gards, sa ho.

Mannen gløymte i det samme både kona si og ungane og garden der heime, han var som trollbunden av henne, og det einaste han ville var å få vere her på denne garden hos henne.

– Kan eg få arbeide her hos deg, ba han.
– Vil du verkeleg det, spurte ho.
– Ja, det vil eg, meir enn alt anna i heile verda, sa mannen.
– Om du verkeleg vil, så skal du få vere her, sa ho.

Og mannen fekk arbeide, og han fekk sjå kuer så feite og blanke som han aldri hadde sett, og griser så store og runde at han mest ikkje kunne tru det. Alt på garden vaks betre og var finare enn noko han hadde sett før, og blomane dufta så sterkt og vakkert.
Og huldra på garden, ja, det var huldra, gjekk rundt og smilte og skraut av arbeidet han gjorde, og mannen tenkte at han aldri før hadde vore så lukkeleg.

Etter han hadde vore der nokre dagar, kjentes det som om han aldri hadde vore nokon annan stad, men det var likevel som om det var noko han hadde gløymt. Han tenkte og tenkte, men kunne ikkje komme på kva det var.

– Det er som om det er noko eg har gløymt, sa han til huldra.
– Då må du reise, så vil du huske det igjen, svarte ho.
– Men eg vil ikkje reise, sa mannen.
Likevel sa huldra at tida var inne for at han skulle dra, og ho fulgte han over markene og enga, bort til trappa. Han sa farvel med sorg i hjarta, for han ville helst berre vere hos huldra resten av livet.

– Eg kjem tilbake med det samme, når eg har funne ut kva eg har gløymt, sa han.
Huldra berre vinka til han og smilte.
Så klatra han opp trappene. Det var langt opp, og først blei det mørkare og mørkare til det var heilt svart rundt han. Så blei det lysare og lysare, og til slutt kom han opp i den vesle hytta, og ålte seg ut døra.

– Men dette er jo skogen min, tenkte mannen.
Og så plystra han på hesten, men det kom ingen hest.
Så gjekk han heim til garden sin. Og då han kom dit, var alt så annleis. Åkrane var grodd igjen, husa var forfalle, og ingenting var som då han reiste for nokre dagar sidan.
Han sprang bort til huset, og opna døra inn dit. Det var mørkt og skittent der inne, og først trudde han det slett ikkje budde nokon der.

Så fekk han auge på ei gammal, gammal kone som sat inne i hjørna. Ho var så gammal at håret var kvitt og ryggen var krumbøygd, og då ho snakka til han var stemma hennar svak og skjelvande.

– Velkommen til gards, sa ho.
– Kvar er kona mi, sa mannen. – Og kvar er ungane mine?
– Kjenner du meg ikkje igjen, far, sa den gamle kona.

For mens mannen var hos huldra hadde årene gått, og kona hans var død for lenge sidan. Den einaste som var igjen på garden var den vesle dottera hans.

Mannen sprang ut i skogen igjen, men kunne ikkje finne den vesle hytta nokonstad. Det einaste han fann var denne steinen, som de sit på no.

Advertisements