Sola skin inn skitne vindu, dei gule tulipanane slapp brått alle kronblada på stovebordet og det er skit og støv overalt.

Men eg har fått tilsendt utkast til omslag! Eit heilt ordentleg bokomslag med namnet mitt på!
Eg har litt lang reaksjonstid på glede, så eg oppdaga ikkje at eg var glad før no. Sjølv om eposten altså kom i går ettermiddag. Eg kjem i tankar om ein kompis av meg som sto i mottakarenden då kona hans fødte deira første barn. «Gratulerer, me har fått ei øgle,» sa han. Allereie dagen etter syns han at ungen var fin, men altså: Forsinka gledesreaksjon. Stakkars redaktøren som var begeistra på telefonen, og fekk alle mine innvendingar og bekymringar i går.

No skal eg berre bli enig med meg sjølv om kva barnet heiter. Tittelen er slett ikkje klar. Sonen min var vel fleire månader gammal då han fekk namn. Han blei ikkje døypt før han var så stor at det ikkje fantes dåpshue i hans størrelse. Han måtte ha brudepikeantrekk, det var det næraste me kom. Det blei ganske høgtideleg likevel. No er han fire år og likar både kjolar og glitter, og lilla er favorittfargen. Hadde me klart å bestemme oss for namnet litt raskare, hadde ikkje dette skjedd. Men boka må altså ha eit namn før den går i trykken. Det nyttar ikkje å kalle den Vesle klumpen eller Bassen. Til og med eg skjønar jo det.

No skal eg støvsuge og tenke på tittel. Og glede meg over denne brillefine teikningen som nokon der ute i verda har henta heilt ut av sitt eige hovud, etter å ha høyrt om kva eg har tenkt heilt inne i mitt hovud. Verda er ganske fin og rar, og så er det fredag for oss som ikkje har lønna arbeid også.

Advertisements