Eg har ein fireåring som slurvar med k-lyden. Det forhindrer han ikkje i å spørre om årsaken til alt muleg og umuleg. Eg må svare på kvifor ting har spesifikke fargar, kva eg ville gjort om eit monster sat på stolen min når eg skulle ete frukost, kvifor han ikkje får ha buksene på armane og kvifor det er natt.

I går spurte eg han om det var muleg for han å starte ein setning med noko anna enn «kvifor».
Han såg forundra på meg, tenkte litt, og så kom det sjølvsagt: «Toffår?»

Reklamer