Då har eg huset for meg sjølv ei veke. På bordet ligg åtte samanteipa A3-ark (dei får duge, eg har ikkje whiteboard/tavle) med omlag 130 gule lappar på. Scenar som skal endrast, flyttast, eller rett og slett skrivast.

Nokon har anbefalt Birger Baug sin Straff som påskekrim, men eg har nokre bøker frå Press forlag som eg tenkte å lese først, og så kjem det kan hende ei anmeldelse eller to etterpå. I alle fall om eg likte bøkene.

Forrige helg blei frukttrea klypt, og me tok inn nokre greiner frå kirsebærtreet. Små knollar på greinene har sprukke og eit mirakel har skjedd.
Ein bitteliten, kvit kirsebærblom.

bilde-405.jpgbilde-406.jpg

Advertisements