Ein tur innom statistikken bak Haustljos avslører at framandfolk kjem hit med svært spesifikke problemstillingar. Det er godt muleg at dei føler seg snytt og ikkje syns Haustljos-blåggen gjev tilstrekkelege svar. Eg vil derfor yte litt ekstra lesarsørvis:

«Sexy toalett»: Eg satsar på at du gjerne vil ha eit stilig baderom. At du lurar på om du skal ha raude vegger og Alessi-dass og kanskje barokk tapet på eine veggen. Veit du, anten har du for mange pengar eller for mykje tid. Reis ut i verda, gje pengar til Amnesty, ta deg ein pils, slapp av. Eventuelt er du på jakt etter denne misogyne greia.

«Hunks»: Eg er ganske sikker på at du fann det du var ute etter. Lista mi duger, om den har visse manglar.

«Musklar»: Du veit sikkert at du må trene. Men kanskje du lurte litt på korleis dei ser ut, sånn på ordentleg? Ta ein titt i kjøttdisken. Der ligg det musklar frå svin og storfe, skåre opp og pakka i folie. Du kan kjøpe desse musklane og pirke i dei.

«Det er helg, så kvifor ikkje sove lenge»: Er du på jakt etter gode argument? Om du ikkje klarar å hoste opp ei god forklaring på kvifor du søv vekk vårdagane, så får du heller stå opp. Eller leve med at mor di masar. Eller flytte heimefrå.

«Rompa naken»: Om du er så lite spesifikk som dette, kan du like godt fire buksa og kikke på di eiga. Porno på internett er for vaksne.

«Anna ord for femi»: Du kom verkeleg til rett plass. «Femi» er eit ord som betyr feminin, og som blir brukt nedsettande om menn som nærmar seg grensene for dei smale sosiale kjønnsrollerammene menn er forventa å akseptere og leve innan. «Femi» er eit manneundertrykkande ord som kun har til hensikt å latterleggjere menn som forsøker å bryte med arkaiske, undertrykkande og avgrensande sosiale forventningar.

«hvahunsa akt»: Du finn lenke til HvaHunSa sin blågg i margen til høgre her. Men eg går ut frå at det er denne posten du leitar etter.

«Bård Ylvisåker gift»: Han gjev ikkje blåggintervju, så her kan eg ikkje hjelpe deg. Men sannsynlegvis har han ei kjekk dame han bur saman med, og skulle dei finne på å gifte seg, er eg viss på at Se og Hør vil vere på pletten.

«sy vin»: Nei, det er ikkje slik ein lagar vin.

«bollekake»: Du bakar vanlege hveteboller, ruller dei i smelta smør og sukker-kanel-blanding, og set dei i ein kakeform. Steik lenger enn einslege boller. Berre slapp av, kaka blir ikkje blå.

Reklamer