Det er ikkje tilfeldig kven som kjem i trøbbel. Det er ikkje tilfeldig at det er han som er sosialt klønete som står utanfor, at han som aldri kan passe kjeften sin får bank, at ho som alltid skal gjere seg lekker for dei eklaste mannfolka blir utsett for vald og det som verre er.

Men me skal og må forsvare dei likevel.

Kurt Westergård laga ein utruleg dum og dårleg karikaturteikning av Muhammed. Det er verken morsomt eller spesielt treffande å teikne han med turban (han er ikkje sikh) utforma som ei bombe. Like lite morsomt og treffande som om Jesus på korset skulle henge der i lakk og lær, med ballegrep på ein korgut. Det blei opplevd som krenkande, provoserande og unødvendig. Men me må likevel forsvare Kurt Westergård sin rett til å teikne religiøs og politisk satire.

12. februar i år arresterte dansk politi nokre tunisiske menn, mistenkt for å ha planlagt å drepe Kurt Westergård.
13. februar i år trykte sytten danske aviser på ny Westergårds teikning, som ei markering av at drapstruslar ikkje skal bestemme kva danske satireteiknarar har lov å uttrykke.
Dei sto på barrikadene for ytringsfridommen, men det var ein klønete avisteiknar som tvang dei dit.

Den afghanske utanriksministeren Rangin Dadfar Spanta sa på eit møte i Danmark 3. februar i år: «Det er vores ret at fordømme disse tegninger. Ytringsfrihed er ikke at smide sten gennem naboens vinduer. Det er kun fundamentalisterne i begge lejre, der har gavn af den slags, og det er den reelle trussel mod demokratiet»

Ytringsfridom er å teikne teikningar. Ytringsfridom er å fordømme teikningar.
Å kaste stein gjennom andre sine vindu blir her brukt som ein metafor, på samme måte som mange andre metaforar er brukt. Pisse og drite i hagen hos andre, pisse på andre osv. Men Kurt Westergård har ikkje kasta stein. Han har ikkje pissa på andre. Han har ikkje bæsja på nokon sin trapp, eller brent nokon sitt flagg eller banka opp nokon sin unge. Han har teikna ein teikning. Ein dum, provoserande og unødvendig teikning. Men like fullt ein teikning. Det skal han ha lov til. Og fordi det fins klønete, sosialt utilpassa, lite morsomme folk som ikkje kan passe kjeften sin, blir me gang på gang nødt til å forsvare dei.

For reaksjonane er ikkje metaforar. Steinkastinga, som den afghanske utanriksministeren brukar som metafor, er høgst reell og handfast. Og det er ikkje Kurt Westergård som kastar desse steinane. Han sit og gøymer seg, fordi andre kastar heilt ordentlege steinar når han ikkje klarar å passe kjeften sin.

NRK melder i dag at Danmark har utvist dei tunisiske mennene som planla å drepe Kurt Westergård. Dei er utvist utan lov og dom, det vil seie at dei ikkje har fått prøve saka si for dansk rett. I heimlandet risikerer dei tortur.
I følge NRK syns Kurt Westergård at dette er heilt greit og siterer han på at «nokre gonger er det i orden å sette rettssikkerheten til side».

Kurt Westergård er ein dust og ei kløne. Den einaste grunnen til å forsvare han, er at me aldri setter prinsippa våre til side.
Å fråvike dei samme prinsippa for desse tåpelege og ondsinna tunisiske mennene gjer heile forsvaret for Westergård hult og meiningslaust.

Det er ikkje tilfeldig kven som kjem i trøbbel. Men prinsippet om å forsvare dei må me aldri vike frå. Me må forsvare dei svake, dei dumme, dei tåpelege, dei ondsinna og dei storkjefta. Sjølv om det alltid er dei som sørger for at me kjem i trøbbel. Det handlar om menneskeverd, om anstendighet, og om rettsprinsipp som det aldri er i orden å sette til side.

Advertisements