Eg er så utruleg glad for at Surferosa har laga coverversjon av denne låta. Fordi eg hadde gløymt den, og fordi eg ikkje har kassetten lenger, og om eg hadde så var sikkert kvaliteten heilt grusom.

Men mest fordi eg var heilt aleine med denne songen. Eg veit ikkje kvifor, det må ha vore mange andre som likte den. Kanskje til og med venninnene mine. Men eg husker det slik: At eg elska den songen, og spelte den høgt når eg var aleine heime, og dansa med helikopterarmar og lukka auge og song så høgt eg kunne.
Dette var starten på mitt liv som Jarle Klepp.

Advertisements