Å gjere narr av folk som er alvorlege, engasjerte og ordentlege er det lettaste av alt. Alvoret i seg sjølv blir latterleg, engasjementet og forsøkene på å seie noko seriøst og fornuftig. Berre gjenta alvorlege, engasjerte folk sine ord med tullestemme. Høyr kor dumt det blir.
Heile nittitalet prøvde all verdas stand-up-komikarar seg på denne relativt lette øvinga.

Det er verkeleg lett å gjere narr.
Det er mykje vanskelegare å gjere noko alvorleg og skikkeleg. Å seie det ein faktisk meiner, og forsøke å nå fram til andre. Å argumentere, og motargumentere, ikkje for å kverulere, men for å stille seg så ærleg og naken ein kan, og rekke ut til andre.

Det er lett å sjå det komiske ved folk som meiner noko ein er usamd i. Det er lett å herme etter dei, framfor å forklare kva ein sjølv trur på.

Det er vanskeleg å ransake seg sjølv og sine eigne haldningar og meiningar. Det  er vanskeleg å stille seg sjølv open for andre, utan humor, utan forsvar.

Eg er takksam for alle desse møtene me har her. I kommentarfelta her, i kommentarfelta dykkar. Det fins alvor her. Forsøk på å rekke fram til kvarandre. Det er mykje humor, men forbløffande sjeldan at folk gjer narr.

Tusen takk.

You are a sad, strange little man, and you have my pity. Farewell.

– Buzz Lightyear

Advertisements