Eg har hatt nokre avstikkarar frå familien denne vinteren. Stukke av, som seg hør og bør for ein feministisk småbarnsmor med bok i magen. Merkeleg nok kjennest det veldig annerledes når dei reiser frå meg. Heile påska har mann og ungar vore hos svigerfamilien i Danmark. Det vil seie: Min svigerfamilie, deira familie.

No er dei på E39. Om to timar går ferja mellom Arsvågen og Mortavika (eg husker aldri kva som ligg på kva fjordbreidd). Brøytebilane bør vere ute og ordne opp. Det ligg tjue centimeter snø utanfor her. Dei viktigaste menneska i heile mi verd sit i ein Skoda mellom Kristiansand og Stavanger nett no.

Eg saknar ungane så det gjer vondt. Men om fire timar er dei her, og ungane har sikkert sove i bilen. Dei kjem til å vere utkvilte og kvikke, og min elskede mann kjem til å vere alt anna enn akkurat det. Så eg må kvitte meg med denne irrasjonelle insomnia-greia, rydde bort alle tankar om at eg held dei trygt på vegen ved å sitte vaken her og tenke på dei.

God natt brøytebilar og vaktande nissar og stjerner på himmelen. Pass på den skodaen, for den inneheld det umistelege.

God natt.

Reklamer