Eg har sjeldan skrivesperre, men det er eit anna uttrykk som passar betre for meg: Skrivetrøkk (og mangel på s-). Og det trøkket har mangla siste månaden. Eg har klart å skrive, finpusse, lese litt om igjen og finne på nye scener. Men det blir ikkje ei god fortelling av at ein finn på ting. Ikkje for meg. Det eg skriv må vere noko eg har lyst til å få ut, og så kan det gjerne vere mykje strev med å finne rette formen. No har eg strøke alle scenane eg «berre fann på» og vender tilbake til sjølve Historia. Det eg gjerne ville fortelle. Det som eg vil skal bli ei Fortelling. Det hjelper.

Og så har det blitt sex. Ikkje på meg, hjølpe meg, eg har vore isolert heile påska. Men i boka. Det sat langt inne, det var jammen meg noko av det vanskelegaste. Ikkje fordi det er vanskeleg å skrive om sex. Eg kan godt skrive om sex, så lenge det er min eigen, eller i alle fall vaksne folk som er slik som meg det dreier seg om. Men desse orda kunne ikkje vere slik orda om meg sjølv er. For Ragna er berre femten år og har nettopp drepe nokon, og ho eig seg sjølv og kroppen hennar er heilt ny. Eg måtte finne dei heilt rette orda. Kva ord har eg i meg om sex som ikkje blir kleine, svulstige, uekte, rå eller kvardagslege?

Og er det omslaget då. Eg har fått lov å vise fram skissene. Tittelen blir sannsynlegvis Song for Eirabu, på begge bind. Og så må eg finne ein tittel på bind I.

Eitt i blått:

blue.jpg
Og eitt i grønt:

green.jpg