Eg har ikkje komme inn på nettbanken min sidan oktober. Det har vore irriterande, sjølvsagt, men ikkje verre enn at eg har klart meg. Eg er utan inntekt og ektefellen betalar rekningar, så det går jo på eit vis. Men det er jo meininga då, at ein skal komme inn på sin eigen nettbank.

Derfor var eg i den fysiske banken nokre gonger og fekk snakke med folk som eg ikkje visste var åndsforlatte. Eg har sidan første oktober 2007 trudd at det var meg som var åndsforlatt. Det har gått greit med meg, og eg takkar for omsorg og støtte, sjølv om eg har vore litt betutta over at kommunen ikkje har gripe inn med omfattande heimehjelp. Livet som åndsforlatt liknar livet som åndsfrisk, skal eg helse å seie. Litt mindre tru på eigne evner, og utan tilgong til eigen nettbank, ellers ganske normalt.

I dag var eg i banken igjen. Og nevnte dette med nettbanken min. At eg ikkje kom inn på den, og at desse dingsane dei har gitt meg ved fleire høve ikkje har hjulpe. At eg ikkje kjem inn i det heile faktisk, at eg kjem så lite inn i nettbanken at nettbanken aldri spør om den koden som dingsen opplyser. Så lite har eg komme inn, faktisk.

Denne gongen spurte dama om eg trong personleg vegleiing. Ho sat i skranken og spurte med litt høg stemme. Bak meg sat gamle damer med kvar sine lappar med nummer på, og dei tenkte nok det samme som meg. «Åndsforlatte folk må ein snakke litt høgt til,» tenkte dei. Og så nikka eg og takka ja til personleg vegleiing i nettbankbruk. Kanossagang er sterkt sagt, men eg tusla no inn på eit kontor, der ei ung jente med hestehale tok imot.

«Eg kjem slett ikkje inn på nettbanken,» sa eg, den åndsforlatte, og gjentok meg sjølv.
«Kva var navnet,» spurte hestehalejenta og tasta det inn.
«Eg ser at nettkontoen din har vore sperra sidan 30.september,» sa ho så.
«Sperra,» gjentok eg, sidan me åndsforlatte gjerne gjentek ting og sperrer augene opp og slikt.

Det viste seg altså at det ikkje var meg som var åndsforlatt. Eg var i alle fall ikkje aleine om det.

No har eg vore inne på nettbanken min. Der låg ei forsikringsrekning som eg skulle ha godkjend betaling av den første januar i år. Og tre meldingar frå banken om ting dei syns var så viktige at eg burde få vite det. På ein nettkonto som dei altså hadde sperra, utan å fortelle meg det.

Advertisements