Frå no og fram til halv fire kjem det til å renne inn folk her på blåggen. Folk som får betalt for å gjere andre ting, men som ikkje orkar anna enn å surfe på nettet til dagen er over.
Eg føler eg bør ha noko å tilby, men samtidig skal eg ikkje bruke så mykje tid på dette. Derfor vil eg berre fortelle ein vits og dagbokblågge litt.
Det var ein gong ein pasient som kom gåande i korridoren med tannbørsten sin i band. Der møtte han ein psykiater, som smilte og sa: «Er du ute og luftar hunden?»
Pasienten svarte: «Nei, det er ein tannbørste, ser du ikkje det?».
Så gjekk pasienten vidare, og straks psykiateren var ute av syne bøyde pasienten seg ned til tannbørsten og sa: «Hahaha, der lurte me han skikkeleg!»
Det er den einaste vitsen mor mi kan.
I dag har eg handla for mor mi, som sit med kneet høgt etter operasjon. Eg har kjøpt rundstykker og sukkererter, vin og sminke, og ein grå pologenser. Det var så kjekt å shoppe at det slett ikkje gjorde noko at ingenting var til meg. Dette opnar nye perspektiv på mange ting, i grunnen. At det kan bli riktig fint å få gamle foreldre som sit i leiligheten med parykken på snei og treng hjelp til å handle. At eg kan bli personal shopper, om eg ikkje vil jobbe. Folk kan stort sett ikkje leve av å berre skrive bøker. Men eg kan springe og handle for eldre folk, og så gir dei meg kanskje lommepengar for det. Eg ville spart mange pengar, for eg ville mista heilt lysta til å shoppe sjølv. Eller, eg ville spart mange pengar om det var slik at eg shoppa mykje i utgangspunktet.
Den siste setningen var til ektefellen min. Om han skulle lese dette. For eg brukar faktisk nesten ingen pengar, utanom på mat og bensin og dorullar og slikt.
Bortsett frå akkurat i dag.
Sidan eg kom til å kjøpe ei bukse og to gensrar, sidan eg var i butikken, liksom. Sjå, der rauk heile ressonementet om personal shopper-jobben.
Ha ein god fredag!