• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Månedlige arkiver: april 2008

Jammen det ER dumt å brenne bøker

30 onsdag apr 2008

Posted by Avil in Litteratur, Mediekommentar

≈ 36 kommentarer

Uansett om ein likar nye eller gamle bøker best, om ein let seg begeistre av Ibsen eller Ragde, så vil me gjerne at bøker skal stå i hylla hos bokhandlarane.

Eg har berre vore i London ein gong som vaksen, og blei nærast litt manisk kjøpelysten av bokhandlarane der. For når eg har lese ei god bok, går eg gjerne til hylla og ser om forfattaren har skrive meir. I følge norske bokhandlarhyller har h*n sjeldan det. Men i London hadde forfattarane skrive mange bøker. Pent alfabetisert, på rekke og rad.

Eg har forstått det slik at nesten alle bøker på skjønnlitteraturhyllene her til lands blir bytta ut årleg. Først hardback, så pocket, så januarsalg, så mammut, så borte vekk.
(Og så blir det Karius og Baktus-stemning. Ikkje ein smule igjen.)

Nokon har forklart meg at dette handlar om skatt og moms og lagringsplass og slikt. At butikkane bør ha minst mogleg på hyllene, og endå mindre på lagerrommet. At ting som ikkje kan selgast med det samme må bort.

Eg ser for meg kva som skjer med det som ikkje forsvinn for ti kroner på mammut. Dei bøkene som nokre folk har tenkt ut og skrive, eit forlag har tenkt at denne boka er bra nok til å bli utgitt. Men media kasta seg ikkje over boka, den drukna litt, blei borte i Märtha-nyhende og bestselgarar og bøker som heiter noko med fitte. Kan hende skriv forfattaren ei bok fem år seinare som slår gjennom. Kan hende ville nokre av lesarane syns den første var ei perle. Om dei hadde funne den, men det gjer dei ikkje. Den er borte.
(undrande barnekvinne: Blir den brent? makulert? levert til gjenvinning? blir den dopapir?)

Nokre bøker blir ikkje klassikarar før dei har vore ute ei tid. Og nokre bøker kan vere mine og dine favorittar sjølv om ingen syns dei er klassikarar.

Eg les ikkje hundrevis av bøker i året, det er mykje eg ikkje får med meg.
Eg tingar ikkje Vinduet eingong. Det er rett og slett veldig sannsynleg at det kvart år blir destruert hundrevis av bøker som eg hadde likt. Ein dag, når ungane er større og eg begynner å lese mykje igjen, då ville det vore så fint om desse bøkene var blant oss framleis. Eit og anna eksemplar, her og der, på hyllene i norske bokhandlarar. Ikkje berre på lageret til biblioteket, der eg aldri slepp inn.

For i London tek dei ikkje vare på dei norske bøkene, det må me gjere sjølve.

Ein vits

30 onsdag apr 2008

Posted by Avil in Fint og flott

≈ 21 kommentarer

Fireåringen er i den magiske alderen der ting skjer på ordentleg fordi ein finn på dei. Han er lite oppteken av smålege ting som narrativ og sluttpoeng. Derfor pleier vitsane hans ende med at nokon andre seier «no er det middag» eller «no må du pusse tenner».

I går fortalte han denne veldig fine vitsen:

Fireåringen: Det var ein gong ein tomat. Så kom det ein bil køyrande. Så kom det eit fly og kræsja rett inn i bilen. Pang! Kræsj! Og så kom det eit romskip og kræsja rett inn i flyet! Wham! Pang! Og så kom det eit lyn og traff romskipet! Ka-pang!

Eg: Kva skjedde med tomaten då?

Fireåringen: Den måtte slåss med ein dinosarus rex.

Bittelitt hurra

29 tirsdag apr 2008

Posted by Avil in Kjønn, Mediekommentar

≈ 12 kommentarer

Spelutviklaren Ernest Adams har vore i Noreg for å snakke om dataspel.
Og det var direkte oppløftande:

– Det dummeste jeg ser er «rosa spill», altså spill som på en lettvint måte frir til en eller annen klisjeidé om hva som er feminint. Vi vet jo masse om jenters spillvaner. Jenter liker å skape ting, noe suksessen med «Sims» med all tydelighet har vist.

Etter side opp og ned i avisene med seksualisert vald, spel etter spel med halvnakne damer og dreping, og idiotiske tv-tilbod retta mot kvinner, er det fint at nokon vaknar.

Jenter og kvinner har interesser. Dei likar å gjere ting, og dei likar å gjere ting saman. Dei er ikkje berre sukkersøte pyntedukker som vil ha rosa lego og ponnyar som liknar pornoskuespelarar.
Kvinner har andre interesser enn å leike med klisjear, og dei har pengar sjølv.

På tide at dei som utviklar produkt for kvinner oppdagar at me ikkje er glitterkveg.

Lyst på ny veske?

29 tirsdag apr 2008

Posted by Avil in Fint og flott

≈ 4 kommentarer

Nokon som husker den veldig fine drageveska som Lise sydde til meg?

No har ho lagt ut ein del vesker for salg. Fine stoffvesker som få eller ingen andre har, til ein overkommeleg pris. Mykje stilegare enn toskete plastposar eller dyre ting som alle andre har.
Og dersom du har eit skjørt eller ei bukse som er blitt for lita, men har verdas finaste stoff, eller du ein gong kjøpte noko utruleg stileg stoff som burde fått bli til noko, er eg sikker på at det går an å sende til Lise og få sydd ei veske.

Eg har også lagt ut lenka øverst i margen til høgre her.

Nokre døme på kva du finn hos Lise:

sommerveske

hodeskalleveske

Jenteveske

Er dei ikkje fine?

Dagbladet

28 mandag apr 2008

Posted by Avil in Mediekommentar

≈ 28 kommentarer

Desken fryder seg.

Eg vemmes.

Kondolerer med 17 mai

26 lørdag apr 2008

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 10 kommentarer

Kan hende eg skal utstyre dei halvdanske ungane mine med dette flagget i år?

dansk norsk flagg

Berre tenk på det. Me kunne vore ein naturleg del av Europa. Medlem i EU. Me kunne løpt ned til den tyrkiske grønthandlaren på hjørnet klokka ni ein laurdagskveld og kjøpt to flasker vin når me fekk uventa gjester. Me kunne kombinert dei norske råvarene med den danske evna til foredling, merkevarebygging og internasjonal marknadsføring. Me hadde hatt eit verkeleg godt landslag. Me kunne grust Sverige. Alt kunne vore så mykje morsommare.

Me kunne hatt ubroten kongerekke på tusen år, slik at dei anakronistiske monarkane reint faktisk leika skikkelege kongelege og ikkje berre rikfolk som leflar litt med kristendom for syns skuld.

Er fantasy latmannsverk?

25 fredag apr 2008

Posted by Avil in Litteratur, Skriveprosess

≈ 36 kommentarer

Inne på Forfatterbloggen har Knut Rage stelt i stand ein diskusjon kring historiske romanar og anakronismer. Han problematiserer korleis me til dømes (i 2008 ) les bøker skrive på 1930-talet med handlinga lagt til middelalderen, og korleis slik litteratur fortel både noko om tida den blir skriven i, og den tida den omhandlar.

Interessant tema, særleg i Noreg, kor vår viktigaste kilde til vår imperialistiske gullalder (800-1000-talet) er skriven på 1200-talet, og samme verk (skrive av den kristne Snorre) er den viktigaste kjelda me har til før-kristen norrøn religion. Å forstå litteratur slik lagvis er ei kjent øving når ein skal nytte seg av historiske kjelder, og til dømes er Bibelen blitt skrella slik (det eine testamente skrive etter nokre av dei andre, og teologar og religionsvitarar har grubla mykje på kven som kan ha lese kven, og kva som er likt og ulikt i testamenta og kvifor).

Spennande tema, særleg for historikarar. Og her kjem altså forfattarane inn, fordi dei driv research og freister lage seg til truverdige fortidskoloritt.

I kommentarfeltet får fantasylitteraturen gjennomgå, og sidan eg skriv fantasyroman tar eg diskusjonen med heim til eigen blågg. For denne kritikken mot fantasylitteraturen rører ved noko av den samme kritikken ein like godt kan rette mot den såkalla generelle skjønnlitteraturen.

Ein av debattantane siterer Agnes Bøttcher på å ha skrive følgande i Vinduet:

«Vil man være litt slem, kan man si at mye av dagens fantasylitteratur i grunnen er forkledde historiske romaner, skrevet av late forfattere som vil snike seg unna det kjedelige arbeidet med research og det plagsomme kravet om historisk troverdighet, og i stedet plukker litt her og litt der, og hopper over ubehagelige historiske fakta som fattigdom, dårlig hygiene, og kvinneundertrykkelse.»

Og får mellom anna til svar frå ein annan debattant:

«jeg er hjertens enig i beskrivelsen av at fantasylitteratur ofte er slapp og skaper en drømmeverden. Den bruker også ofte magiske elementer for å hoppe vekk fra historiemessige problemer. Det dukker alltid opp en trollmann.
Hvis jeg skulle legge fra meg min nuvundne modenhet et lite øyeblikk, så ville jeg kalle denne sjangeren for ‘drit’.»

Kritikken går her hovudsakleg ut på at fantasy er latmannsverk, der forfattaren slepp gjere skikkeleg research, og kan finne på noko trylletøys der handlinga ikkje heng i hop.
Er det nokon som driv lite research vil eg tru det er forfattarane av refleksive intrapsykologiske samtidsromanar.
Nettopp det å skrive om si eiga samtid gjer oss blinde for det feilaktige i det sjølvsagte, det forførerisk løgnaktige i det kjente og nære. Det er lett å stille for få spørsmål ved sin eigen kultur. Og likevel er det denne litteraturen som gjerne får æra av å nettopp vere bevisst og sjølvgranskande. Mens fantasylitteraturen altså blir ståande som ein feig og lat eskapisme frå den rå og nære røynda i eigen kulturkrins og samtid.

Og er det nokon som driv med trylletøys, må det då vere dei som driv mykje research og lagar historiske romanar, eller skjønnlitterære reportasjar frå andre delar av verda. Ein kan opptre direkte uærleg og tru på det sjølv, om ein trur ein skildrar ei verkeleg røyndom etter å ha budd på biblioteket eit år, eller i ein småby i Italia i tre månader.
Ein skildrar framleis si eiga førestilling om røynda, skapar ein logikk i det ein ser som ein formidlar vidare. Ein forklarar verda, gjev den forteljingar, truverdige narrativ, lagar seg ein fiktiv og subjektiv forståing.

Og for å skape god litteratur ut av det, må ein ta grep om denne subjektive røyndfiksjonen, og gje den form som kunst. Ein må ha ei byrjing, ei handling, ein må ha ein slutt, som kjent kan ein sjonglere med rekkefølgja, men ein kjem ikkje utanom at det fins reglar for kommunikasjon.

Reglane for språket og reglane for kommunikasjon kan leikast med og brytast, men det er også kommunikasjon.

Og etter å ha oppløyst røynda i kulturelle, interpsykiske og intrapsykiske delar, og laga ein sosialkontruksjonistisk graut av alt du trur og meiner, vil eg påstå dette:

Fantasy er ærleg fiksjon. Å skape truverdige forteljingar utan å lyge på seg at ein veit korleis det er fordi ein har budd der, eller veit korleis det heilt sikkert var fordi ein har skrive hovudfagsoppgåve om det, krev at ein er bevisst kva folk kan tru på. At ein nyttar seg av det kjente og det kulturelt truverdige. At ein leitar fram det magiske, som var truverdig før ein blei vaksen. At ein tør bruke dei magiske restane som fins i oss, anten me er religiøse eller ikkje, som vaksne. Ein må vere bevisst kva verkemiddel ein nyttar seg av, samstundes som ein må tørre å tru på lesaren sin medverknad.
Utan ein fantastisk lesar, ingen fantasy.

Nokre forfattarar lukkast i dette. Andre lukkast ikkje. Nokre lukkast delvis. Nokre bøker finn fram til mange magiske lesarar, andre bøker finn kan hende berre tre heilt fantastiske lesarar, nokre bøker burde ikkje vore utgjeve.

Eg har til gode å vite kva kategori eg vil hamne i for nokre få, eller for fleire. Men dei som meiner god fantasy er juks og latmannsverk for feige skribentar, burde prøve sjølv. Eg syns i alle fall dette er meir enn nok arbeid. To år til no, siste halvåret full tid. Deadline til sommaren. Hjelp (det er her eg forlater tankerekka, og gir meg over i engstelege og sjølvopptekne dealine-tankar).

Fantasy på sitt beste er ei krevande øving for både forfattar og lesar, men når ein løfter det realistiske og det magiske opp dit saman, har ein draumestoff som står seg mot einkvar historisk roman eller samtidsroman.

For å seie med Neil Gaiman: It’s not the ideas, it’s what you do with them that matters.

Og eg anbefaler å lese kva Agnes Bøttcher faktisk skriv om fantasy i Vinduet. Det er eit godt essay, og ho har betre greie på sjangeren enn meg.

Åh, er sniglane komme til Oslo?

24 torsdag apr 2008

Posted by Avil in Trist og leit

≈ 42 kommentarer

I tjue år har me hatt dei her på vestlandet. Så lenge eg har vore huseigar, har eg hata dei. Iberiasniglane er store, feite, brune og et helst spirande og friske planter.
Eg orkar ikkje eingong slenge på eit bilete for å vise, eg blir fysisk kvalm av dei.

Det jævlegaste med iberiasniglane:

  • Dei kan ete eit heilt bed flatt på ei natt. Tjue nye planter vips borte neste morgon.
  • Om morgonen er dei overalt. Duggvått gras i hagen med ti iberiasniglar per kvadratmeter.
  • Dei kryp oppetter veggene, sit fast på skoa og blir med inn i huset. Digre, slimete sataner.
  • Slimet utanpå dei går faen ikkje av. Har du først hakka ein snigel i to med spaden, så er spaden fullt av ikkjetørkande superlim til evig tid.
  • Dei et kvarandre. Slår du ihjel ein snigel, kan du gå tilbake ein halvtime etter og finne fem kannibalar som meskar seg på liket.
  • Du kan fange dei i boksar med øl i. Men då må du takle ein heil boks full av sniglar. Veldig ekle sniglar.
  • Du kan drepe dei med salt. Men då må du takle å kvitte deg med halv-vrengte slimete daude sniglar.
  • Du trur du klarar det. Du henter fram mordlyst og saks og klypper 130 sniglar i to om kvelden. Neste morgon er det ikkje-tørkande superslimklattar overalt på plenen. Du skiftar taktikk. Neste kveld samlar du 214 sniglar i bøtte med salt og kastar i bioavfallet. Neste morgon kryp og kravlar det kannibalsniglar overalt kring boss-spanna. Du skiftar taktikk. Denne kvelden samlar du dei i mjølkekartongar halvfulle av salt, og så limer du kartongane igjen til slutt og kastar dei i restavfallet. Men du går tom for salt. Du går tom for mjølkekartongar. Og det er akkurat like mange sniglar i hagen. Enno er du berre komme til tredje kvelden. Etter tre år er det akkurat like mange sniglar i hagen.

Eg kjøpte ferromol, eg. Ein bitteliten pakke med blått kakestrø som inneheld ein jernforbindelse. Sniglane et kakestrøet heller enn plantene, og så blir dei dårlege og gøymer seg under bakken, og der dør dei. Genialt opplegg. Ingen sniglelik. Win-win, reint bortsett frå at det er svinedyrt.
Derfor kjøpte me fem kg ferromol i Danmark. Der var prisen berre det kvarte, omlag det den burde ha vore her også, om politikarane hadde den minste interesse av å få bukt med snigelsvina.

Men akkurat i vår hage funkar ikkje ferromolen så godt. For me har skjærer. Det er dei desidert jævlegaste fuglane i heile den norske fauna. Dei er store, dei rotar i bosset, dei bråker inn i helvete, og alt dette kunne eg levd med om dei ikkje ÅT FERROMOLEN.
Eg strør blått kakestrø kring bed og blomar, og skjærene er raskt på pletten og plukkar han i seg. Og hadde skjæra vore ein alminneleg fugl, og ikkje den desidert jævlegaste fuglen i den norske fauna, så hadde den latt det bli med det. Men sidan skjæra altså er så inn i hule heiteræven grønnjævleg, fortsetter den. Når den har ete opp all sniglegiften som ligg på bakken, tenker den sannsynlegvis «aha, det må vere meir under her». Og så riv den opp alle dei små plantene. Dei gamle staudene skal klare seg mot skjærene sine åtak, men det er jo nettopp dei gamle staudene som ikkje sniglane et. Alle nye, fine urter, alle sommarblomar vakse opp frå frø, alt som er fint og nytt og dyrt, alt som ungane har planta og vatna kvar einaste dag uansett om det regner eller ei.
ALT må opp, syns skjæra.

Eg hatar iberiasniglar.
Eg hatar skjærer.

Så, når ein har eit importert skadedyr som et hagane flate, et all kål og potetplanter, et alt som kan etast, som veks og gror, kvifor har ikkje landbruksministeren gjort noko før?
Her vest har me plukka og hata sniglar i årevis. Og me har nikka til kvarandre over hekkane og sagt:

«dei reagerer nok ikkje inne på Løvebakken før Oslohagane blir invadert, eller kan hende vil Senterpartiet reagere når dei store bøndene austpå får plaga over seg i bibelske proporsjoner. Men då er det for seint. Dei kunne hjulpe oss no, mens skaden framleis var avgrensa og det kunne vore mogleg å kvitte seg med den. Men dei kjem ikkje til å reagere før det er for seint.»Snakk om uheldig biletplassering

Og det er visst no.

(postpost: Det blei ein liten illustrasjon likevel, sidan Bergens Tidende driv og plasserer Obama i eit lite flatterande lys)

Fantastiske nyhende

23 onsdag apr 2008

Posted by Avil in Fint og flott, Mediekommentar

≈ 6 kommentarer

Noko meir fantastisk skal ein altså leite lenge etter. Det er ikkje ofte eg berre oppfordrar til å lese Dagbladet.

Men dette er så bra atte jælp.

Andre bra ting:

Pinata:


Lampe:

Paraply:

Pez-dispenser:

Kaffekopp:

Vekkerklokke:

Kjole:

Popcornmaskin:

Uelegant i litlehjernen

21 mandag apr 2008

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 8 kommentarer

I dag er eg oppe på høge hælar. Peroleumsblå kjole og strømper og brune sko med kilehæl. Om eg var idiotisk tynn og hadde eit betre webkamera skulle eg ha moteblågga meg, så fin er eg. Men det skjærer seg litt når eg catwalker ned grusvegen utanfor her. For det skortar på koordinering, balanse og haldning. Eg har rett og slett ein mindre elegant og feminin utgåve av cerebellum.

← Eldre innlegg

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

april 2008
M T O T F L S
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
282930  
« mar   mai »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...