sommerfugl.jpg

Det er vår, sjølv om gudane gjerne driv narr og gjev oss nattefrost og slapsevêr i april. Eg er i mi eiga verd for tida, men det er tilfeldigvis omlag første april i mi verd også. Eg trur forlaget har landa på grønt omslag med bronseprega tittel, og i dag skal bokhandlarane lokkast med freistande omtale av boka. Eg skriv og skriv, og blåggen vert ståande pinleg lite oppdatert. Men eg har i alle fall innvia våren her inne. Med ein haustblom frå hagen, sommarfuglbusken som sommarfuglane faktisk er begeistra for. Litt årstidsforvirring kjem me vel ikkje utanom når haustljosblåggen kjem i vårstemning.

song-for.jpg

Advertisements