Det er eit litt for enkelt poeng å skåre, og dama er frisk og fin og skal ikkje få noko pes. Men når ein først går ut og seier at Sveland sutrar i Bitterfitte, blir det unekteleg morsomt at ein eit par veker etterpå skriv kommentar i Dagbladet om at ein har (kvinne-)politiske sjelekvaler over at ein sjølv har vaskehjelp og barnevakt.

Kan det vere slik at uansett kvar ein snur seg så er rævva bak? Anten tar ein heile småbarnsfamilieåket sjølv og risikerer å bli sutrete, eller så skaffar ein seg hjelp og avlastning og får ondt i samvitet og klassemedvitet. Begge reaksjonar seier noko om krav og forventingar. Kan hende skal ein ha litt meir sympati med kvarandre uansett valg, og støtte kvarandre til å fri seg frå urimelege forventingar og betre halde ut kvardagens naudsynte krav.

Eg føler meg litt sånn der moderleg, og dels litt teit, her eg sit på sidelinja og fniser feministisk overberande.
Men eg trur du ser at det blei morsom lesning av dei to innspela etter kvarandre, Cathrine Sandnes?

Advertisements