Deadline nærmar seg og det er på høg tid å bli modig. Siste året har vore prega av ein nærast obsessiv rigiditet i døgnrytme og arbeidsvanar. Følge førsteklassingen til skulen, heim og fyre i ovnen, koke kaffi og slå på / skru på / tenne for pc-en. Sitte her heime, limt foran skjermen, til klokka er tre eller halv fire, og så gå for å hente ungane.

Eg har no omlag to månader på meg til å gjere ferdig like mykje tekst som eg har brukt eit halvt år på å gjere ferdig til no. Det seier seg sjølv at eg er litt stiv i ryggen og har lyst på sjokolade. Men også at alle midlar må bli tatt i bruk for å sikre at eg held tempoet oppe.

Sist veke våga eg meg på kafeskriving. Vågalt.
Kafeen var tom då eg kom klokka ti, og bortsett frå dei to ansatte som stilte seg midt i lokalet og diskuterte svært høglytt om dei skulle male colaskapet med kvit oljemaling og ta rekninga når dei ein dag ikkje trong colaskap lenger, eller om dei skulle leve med den glorete raudfargen, var det stilt.
Eg sat med ein heller keisam kaffelatte (eller var det cafe au lait – det fekk eg aldri heilt klarlagt, men den kosta 33 kroner og blei servert i glas, og med sugerøyr), og kikka ut over fjorden. Eg fann ingen stikkontakt, så laptop-en ga meg max to timar å prøve ut denne arbeidsformen. Heldigvis fann eg heller ingen trådlause nettverk, så eg slapp å forfølge trongen til å laiv-blågge om damer som planla hærverk mot Coca cola sin eigedom utfrå estetiske og ikkje politiske omsyn.

Eg fekk skrive eit kapittel. Det fungerte fint. Resten av veka sat eg her heime i stova, det var liksom nok med den eine modige handlingen.
Men om ein halv time opnar Folkebiblioteket i Kulturhuset for dagen, og eg har tenkt meg dit.
Dei har verken kaffe, utsikt eller høglytte damer, men eg har sterk tru på at dei har ein stikkontakt.

Så no pakkar eg laptop og notatbøker i sekken og drar på biblioteket. Ønsk meg lukke til.
Eg må berre ha ein kopp kaffe først. I kopp. Utan sugerøyr.

Advertisements