Eg syns transportetappe høyrest så grusomt ut. Ei keisam rørsle frå punkt A til B, og er du heldig så er begge punkta spanande nok til at du gidd sitte på toget i mørket og glo på din eigen refleksjon i glasruta under transportetappen.
Kan hende er det ikkje så grusomt meint som det høyres ut. Eg er ikkje inne i den litteraturvitskapleg sjargongen, og legg kan hende feil tyding i omgrepa.
Men eg har tenkt at kvart einaste kapittel i boka mi skal vere verdt å lese. Det skal skje noko på kvar side, noko som er verdt i seg sjølve, og ikkje som ein trasig togtur på veg til neste oppleving.

Og så dukkar dei opp då, vanskane. For no veit eg til dømes kva som skal skje i dei neste kapitla, mykje er ferdig skrive og eg er nøgd. Men korleis kjem eg frå hit til dit utan nokon transport? Det som skjer er stort sett det samme kvar gong. Eg planlegg meg inn i ei rørsle, og så hender det noko eg ikkje hadde tenkt. Det vil seie, eg tenker det jo, eg kan ikkje påstå at eg er besatt av automatskrift. Men det skjer altså ting heile tida, som gjer at fortellinga køyrer av sporet. Slik går det utan regelbunden togkøyring etter planlagte rutetabellar. Avsporing og tull.

No går eg på biblioteket igjen, som altså truar med å lage seg trådlaust nettverk rett etter eg har oppdaga kor genialt det er å vere der utan.
A er på plass og B er på plass, og så får eg sjå då, om eg kjem meg til B utan at det blir ein transportetappe.

Advertisements