Sidan det er fredag har eg laga eit fint, samansatt ord til dykk.
I følge bror min er me nemleg fødd inn i eit debattprogram i vår familie. Alle samtalar er diskusjonar, folk avbryt kvarandre, og berre den som kan seie noko som fenger dei andre si merksemd får halde ordet lenge.
Derfor er eg ikkje opplært til å lytte til folk berre fordi det er «deira tur til å få snakke», og om dei snakkar og snakkar meiningslaust og keisamt i veg, syns eg i grunnen det er heilt greit å spørre «kva er poenget ditt?».
Eg syns det er heilt rimeleg å be om at andre skal argumentere for synspunkta sine. Og eg syns det er like rimeleg å forvente ein viss underhaldningsverdi om eg skal lytte til ei lang historie.

Så om eg blir avbroten, skjerpar eg meg, og om nokon finn meg keisam tar eg det som ei heilt grei ytring. Eg har ingen krav på andre folk si tid, berre fordi eg vil bli høyrt og sett.

Og om folk krever lesarar og lyttarar berre fordi dei har noko på hjarta, men ikkje tek seg bryet med å ikle ytringane sine i ein nokolunde interessant (morsom, velskrive, tankevekkande, provoserande, rørande, kva som helst eigentleg, berre ikkje keisam) form, så føler eg meg fri til å oversjå dei.

Alt dette, i følge bror min, fordi eg har ein debattprogrambarndom.

Denne posten er inspirert av Fuck the system-postane, som er eit heiderleg forsøk på å gjere noko interessant.

Advertisements