Om Den norske forfatterforening: Ein nybegynnar si undring over korleis dei beste blant oss oppfører seg som kløner.

Den norske forfatterforening ligg i forhandlingar med forleggarane om ny standardavtale. Trur eg.
På førehand har DNF annonsert at den viktigaste saka for dei er å heve royaltysatsen på billigbøkene. Dette får eg vite frå DNF si eiga nettside: Dei har sagt opp standardkontrakten, dei har vore i nokre uformelle samtalar med forleggarane, men det første visst ikkje til noko. Andre april skriv dei at «Styret har besluttet at Forfatterforeningen foreløpig nedprioriterer de uformelle samtalene med forleggerne i forbindelse med vår oppsigelse av billigbokavtalen, ettersom dette tar for lang tid. Vi henvender oss i dag til Forleggerforeningen og ber om et raskt møte for å få avklart tidshorisont, møteplan og forhandlingsdelegasjon.»

Som utanforståande rekna eg då med at forhandlingane var i gang, og at begge partar no ville halde klokeleg kjeft til dei kjem ut att på andre sida med eit resultat som dei respektive partane vil kunne forsvare overfor sine medlemmer.
Men så skjer dette:
Torgrim Eggen, forfattar og styremedlem av DNF, publiserte i går (torsdag 10.04.08) både på DNF sine heimesider og i sin eigen blogg: «Kontraktbetingelsene, som de fleste av dere sikkert kjenner, er slik:

De første 5000 eksemplarer: 5.0 % av utsalgspris
De neste 3000 eksemplarer: 7.5 % av utsalgspris
De neste 7000 eksemplarer: 10.0 % av utsalgspris
Over 15 000 eksemplarer: 12.5 % av utsalgspris

Dette er royaltystigen i den skjønnlitterære billigbokkontrakten. For sakprosabøker finnes ingen billigbokkontrakt.

Jeg har returnert kontrakten, strøket hele denne kolonnen og erstattet det med «15 prosent fra første bok».»

Han argumenterer deretter godt og grundig for kvifor han vil ha 15% royalties, som forventa frå eit styremedlem av DNF. Det må vere å dele denne argumentasjonen med sine kollegaer, samt å oppfordre til liknande oppseiing av avtaler som må vere drivkrafta bak dette initiativet.
For det er påfallande at eit styremedlem av ei fagforeining går ut midt i forhandlingane og annonserer offentleg kva han føretek seg i sine individuelle forhandlingar med sin arbeidsgjevar.

Forfattarforeininga sine medlemmer leverer ei vare som folk vil ha. Dei skriv bøker, og bøker blir det solgt stadig fleire av.
Likevel har dei ikkje klart å forhandle fram ein standardkontrakt mellom forfattar og forlag som gjer det mogleg for den gjennomsnittlege forfattaren å leve av produktet sitt. Forleggarar og bokhandlarar har mange fast ansette med greie tariffavtalar, men produsentane av sjølve det ettertrakta produktet dei alle handlar med, er dårlegast stilt økonomisk.
Det er også påfallande.

Og når det skjer noko såpass påfallande må det ha sine årsaker.

1. Dei er noko merkeleg organisert, desse bokskribentane.
For DNF slepper ikkje alle inn. Dette er eit stort problem for DNF når ein kjem til forhandlingar. Dei både forvaltar stipendordningar som kjem ikkje-medlemmer til gode, og forhandlar fram standardkontraktar som også blir brukt av forlaga overfor forfattarar som ikkje er DNF-medlemmer. Slik sett gjer dei det mindre attraktivt å melde seg inn, kan ein seie. Og dei kan på denne måten også forsvare politikken med å ikkje sleppe inn alle. For sjølv om dei er eksklusive når det gjeld medlemsskap, er dei altså ikkje tilsvarande eksklusive når det gjeld å dele ut pengar og skape rammer.
Men stoda er at dei berre representerer ei avgrensa gruppe forfattarar, og at ein del av Norges bestselgande forfattarar er ikkje medlemmer, anten fordi dei er blitt avvist eller fordi dei ikkje har søkt medlemsskap.

Dette svekkar DNF som pressgruppe.
Forhandlingar er ikkje eit spørsmål om anstendighet. Det er ikkje eit spørsmål om gode argument eller rettferdighet. Alle som forhandlar veit det. Forhandlingar er handel.
Og for å handle, må du ha noko å handle med. Ei fagforeining har medlemmene sine, og dermed potensiell råderett over dei tenestene og produkta som medlemmene yter. That’s it. Ein må vere villig til å ta desse midlene i bruk, ellers eksisterer dei ikkje ved forhandlingsbordet.
Utan streikevilje, ingen forhandlingsevne.
Det er alvorleg at Forleggerforeningen ikkje ser ut til å ha tru på at forfattarane kan legge makt bak krava sine: «– Vi har måttet lære oss å leve med at Forfatterforeningen truer med aksjoner fra tid til annen,» seier Forleggerforeningens direktør Per Christian Opsahl til Dagsavisen 11.mars i år.

2. Eit vell av jublande judasar.
Eit anna opplagt problem for DNF er at det fins svært mange bokskribentar som er villige til å gje bøkene sine til forlag utan å ta seg noko særleg betalt.
Når Norge flaumer over av uorganiserte arbeidstakarar som er villige til å jobbe nærast gratis, strevar fagforeiningane. Mange bokskribentar syns det er så viktig og staseleg å få utgitt ei bok, at dei selger produktet sitt for småpengar.
Desse uorganiserte og nærast kravlause hordene av bokskribentar sluttar seg neppe opp om aksjonar som oppfordrar til å forhandle seg fram til betre individuelle avtalar.

3. Lønnslokomotiva.

Og så er me over på eit særleg vanskeleg område: Dei individuelle forhandlingane. I resten av arbeidslivet er det vanleg at arbeidsgjevar opnar for forhandlingar med den enkelte arbeidssøkar, og kjøpslåing er normalt alle stader varer og tenester blir solgt. Men som debutant blir ein møtt med ein ufråvikeleg standardkontrakt hos alle dei etablerte forlaga, så vidt eg har forstått.
Dersom denne standardkontrakten skal sidestillast med ein tariffavtale som sikrar minstelønn, er det tilsvarande viktig for lønnsutviklinga i yrkesgruppa at ein har unntak. Jo fleire unntak jo betre. Individuelle avtalar som sikrar enkelte forfattarar betydeleg betre vilkår enn standardkontrakten, og eit vell av individuelle avtalar som gjer det muleg for einkvar med overtydande salgspotensiale å sikre seg betre vilkår, ville ha betra vilkåra monaleg for forfattarane som gruppe.
Torgrim Eggen vil vere eit slikt opplagt lønnslokomotiv. Dersom dei som forhandlar for resten av oss ikkje klarar å forhandle betre avtalar for seg sjølve, framstår dei ikkje som verken særleg gode forhandlarar på alles vegne, eller som gode døme for den sprikande hop. Dei beste blant oss burde sikre seg avtalar som sprenger dei mentale rammene for kva forlaga meiner forfattarar skal tene.
Utan lønnslokomotiva står me alle som treige godsvogner. Skal alle løftast samstundes kvar gong, ser det jækla dyrt ut. Ideane om likhet, rettferd og solidaritet er nettopp det som pregar fagforeiningar som ikkje klarar å få til noko særleg i forhandlingane. Ein må vere villig til å gje ein del meir og nokre mykje, om gruppa som heilskap skal ha håp om fornuftig lønn.

4. Det private korstog.
Men kan hende er ikkje DNF i forhandlingar med Forleggerforeningen?
Sidan ein blir oppfordra av styremedlemmene til å jobbe med saka individuelt og modig?
Sidan Forleggerforeningen går ut med lesarbrev i aftenposten?
For dersom DNF er i forhandlingar har ikkje den einskilde ein sjanse til å endre slike individuelle avtalar. Så lenge forhandlingane pågår vil forlaga vere steilt rigide på slike avtalar, ellers mister dei all truverdig tyngde ved forhandlingsbordet. Eg ville ikkje vore den forlagssjefen som på dette tidspunktet skreiv under ein kontrakt på 15% flat royalty på billegbok!
Det private korstoget er edelt og modig. Men eg forstår det ikkje.

Den pessimistiske konklusjonen
Eg forstår at forfattarar er dårleg organiserte, og ingen samla gruppe. Eg forstår at dei er så ivrige etter å få produkta sine ut at dei er villige til å ikkje ta seg skikkeleg betalt. Eg forstår at dei er vant til å ha ordet i si makt og har overdriven tru på Det Gode Argument. Eg forstår at det å skrive kontrakt med eit forlag ikkje er ein ansettelse, og at den ikkje kan samanliknast med tarifflønn. Eg forstår at det er tale om eit produkt mange meiner bør skapast i fattigdom og liding, og andre meiner det berre bør vere tjue forfattarar i Norge som skal leve av å skrive.

Men eg forstår ikkje at dei beste blant oss ikkje har klart å skaffe seg sjølve eit levebrød. Det er snart berre doktorgradsstipendiatar og forfattarar som ikkje klarar å leve av jobben sin. Og dei er jo i grunnen nokre av dei skarpaste.
Eg undrar meg berre.
Og slik det ser ut no, trur eg neppe denne vårens rufsete korstog skal lukkast.
Medmindre DNF har ein utruleg smart, hemmeleg plan som eg ikkje har rekna ut.

Advertisements