I går vart det nye norske operahuset opna. I motsetning til det danske, som var finansiert av private midlar, er det norske operahuset eit statleg og dermed folkeleg prosjekt. Politikarane har i forkant av opninga snakka begeistra om korleis dette operahuset nettopp tilhøyrer folket fordi det ligg skattepengar og årelange politiske rundar bak.

Derfor er det med undring eg merker meg at det blant dei omlag 1340 inviterte gjestene ikkje først og framst er gjester ein finn openberre ved eit slikt statleg kulturarrangement.
Det er eit betydeleg innslag av såkalla finanstoppar, også kalla styrtrike kjendisar.
Kva gjer dei der?

Ein skulle tru at dei som hadde arbeidd for og med operahuset, ved planlegging, praktisk handverk, politisk og på andre måtar, samt eit utvalg kulturarbeidarar frå resten av song-, musikk-, dans- og teater-Noreg skulle klare å fylle dei avgrensa plassane.
Dei kongelege er der og kastar det dei no har av glans, og meir glans treng ein visst ikkje. I alle fall ikkje frå såkalla finanskjendisar på stripe.

Eg forstår at dei dukkar opp i andre samanhenger. Alle som lever av alminneleg handel vil gjerne trekke til seg dei styrtrike. Men nettopp dette arrangementet var eit det norske folket har spleisa på, og det skal drivast av folket og Staten. Så kvifor lefle med dei styrtrike?

Meiner Trond Giske og operasjef Bjørn Simensen, eller kven det no var som skreiv gjestelista, at Celina Midelfart og Christen Sveaas er einslags ny norsk adel? At dei må vere med for å kaste glans?

Dei kan kjøpe seg inn alle stader. Det blir laga eigne skattereglar tilpassa dei rikaste slik at den store middelklassen framleis skal betale mest skatt. Dei flyr rundt i jetflya sine og skadar eineveldig miljøet meir enn eg kan drøyme om å få til resten av livet.
Eg hadde syns det var fint om det offentlege, skattefinansierte operahuset ikkje rulla ut den raude lauparen særskilt for dei. Ein stad burde dei vere like for lova. Det ville vere så fint om det var akkurat der.

Advertisements