norm f1 (lat. norma ‘vinkelmål, rettesnor’) | 1 | godteken regel, rettesnor, mønster, målestokk etiske n-er / n-er for god åtferd / setje opp ei n- for skriftmålet / det normale tene det som er n-a i yrket |
Eg skriv ei bok på nynorsk. Det hender eg grip meg i å tenke «dette hadde vore enklare på bokmål». Men det hender også eg tenker «mi neste bok skal vere krim/samtidslitteratur/kort/uspanande/psykologisk erkjenningslitteratur/den store norske samlivsromanen (osb) for det er nok mykje enklare». Eg har kategorisert tanken «dette hadde vore enklare på bokmål» saman med dei andre «alt eg ikkje gjer nett no virkar faen meg enklare»-illusjonane.
Men ser det ut til at andre tek tanken om at «dette hadde vore enklare på bokmål» på alvor. Journalist og forfattar Brynjulf Jung Tjønn sitt farvel til nynorsken (Aftenposten 16.04.08 ) har vekt merksemd. Han syns valfridommen er svimlande og vil ikkje bruke nynorsken meir. Forfattar Aina Basso ser poenget, men held ut grunna personlege og politiske overtydingar. Journalist Anne V på Firdabloggen syns nynorsk er for komplisert å bruke i praksis, og gjer merksam på at det ikkje handlar om at bokmål står sterkare, men at nynorsken driv og gjer seg umogleg, og ho har debattert i avisene.
Eg undrast.
Det hender folk seier til meg at dei gjerne vil skrive nynorsk, men er redde for å skrive feil. Kan det vere så enkelt, også for Jung Tjønn og Anne V? Kan det vere redsla for grammatiske feilgrep som gjer valfridommen svimlande?
Hege Myklebust, leiaren i Noregs mållag, har tru på ei tydeleg og klår normering av nynorsken. Men ho skreiv også til meg (då eg klaga meg over korleis eg skulle få plass til mi stemme innan denne føreståande normeringa):
Avil – du skriv som du vil, det gjer du òg i dag, dels innanfor og dels utanfor det som er offisiell nynorsknorm.
Det er nettopp det eg gjer. Og det gjeld alle som skriv. Dei skriv som dei vil også på bokmål, anten dei skriv om å stjæle hester eller er meir eksperimentelle. Eg forstår journalistar som ønsker seg klåre normer, men eg forstår ikkje forfattarar som svimlar over valfridom. Me gjer faktisk akkurat som me vil, uansett.
Å leve med mangfald og valfridom gjer skribenten merksam på sitt eige ansvar for språket sitt på ein heilt annan måte enn om ein kan slå opp kvar tøddel og få eintydige svar.
Men fridommen og ansvaret er i mine auge det same uansett. Nokre språkbrukarar skal følge reglane, andre skal tøye dei. Journalistar, lærarar, elevar og lærebokforfattarar skal (hovudsakleg) følge reglane.
Nokre av oss skal ikkje leve opp til nokon norm, verken når det gjeld narrativ, innhald eller grammatikk. Me skal gjere det me vil og det som fungerer mellom oss og lesarane, og så kan alle andre blande seg utanom.
Mens eg har arbeidd med boka har eg gjort mange språklege val, og eg er enno ikkje ferdig. For me er ikkje komme til korrekturen, og det er vel då det vil vise seg om eg er innovativ, grei eller berre vrang.
Eg har endra språket frå å vere gammaldags og litt tungt (det var meininga at lesaren skulle få ei kjensle av å lese ei eldre bok, noko som ville gje det fantastiske universet autensitet) til å vere lettare og meir tilgjengeleg (det hjelper ikkje at ei bok er kul om ingen orkar lese ho). Eg held på enkelte ord som eg likar godt, som nok er «veldig nynorske», mens eg gruer meg forferdeleg til å endre fortelling til forteljing (eg førebur meg på å velge mine kjepphestar med omhu).
[sitronskrift] Og det fine med å skrive på eit målføre som berre eit forsvinnande mindretal av lesarane kjenner seg trygge på at dei kan skrive grammatisk riktig, er at dei fleste lesarane heller ikkje vil kunne knipe meg i å gjere feil. Så lenge eg gjer konsekvent feil. [/sitronskrift]
Poenget er vel ganske enkelt: Å skrive bok er å velge og å ha sjølvstendig ansvar for språk og fortelling, uansett målføre. Det kan virke enklare å skrive bokmål, men eg trur det er ein illusjon. Stemma di må du finne samma faen, og bokmålsordboka kjem ikkje til å gjere det for deg.
Min nynorsk er heilt annarleis enn din, og det er heilt greit 🙂
Men *eg* syns forteljing er finare enn fortelling. I min nynorsk trur eg til og med det kling meir naturleg.
(Og så syns eg fortelling får det til å høyrast ut som om du er veldig influert av bergensk, men det er det vel ikkje så rart om du er 😉
Eg hadde liksom tenkt at den siste smilyen óg skulle bli sluttparantes, men sånn fungerar det visst ikkje.
Argumentér med at du skriver «samtidsnynorsk», Avil, om forlaget blir vanskelige å ha med å gjøre.
Guri: Eg øver meg på å tenke at eg må skrive forteljing. Eg trur eigentleg ikkje eg er så veldig influert av bergensk. Men det kan vel vere vanskeleg å høyre sjølv.
Undre: Samtidsnynorsk i ei språkleg brytningstid. Fnis.
Jepp, Avil.
For øvrig kan du slå i bordet med at Olav Duun ikke skrev normert nynorsk han heller. Han kuttet f.eks. ut alle ‘t’-er i bestemt form entall av intetkjønnsord (mulig han også kuttet ut ‘t’-ene i preteritums- og partisippformene av verb – jeg husker ikke helt).
Og dessuten er det da over 60 år siden Prøysen fikk utgitt sine første noveller på ringsakerdialekta.
Så kanskje er løsningen at du legger deg opp til talemålet ditt så godt det lar seg gjøre. Rett og slett.
Argumentet om ikkje å tore å skrive nynorsk fordi ein kan gjera feil må da vere vikarierande. Viss det var rett skreiv ingen bokmål, heller.
Undre: Eg skal jo freiste få det så rett som mogleg, men eg likar også tanken på å kunne lese tekstane mine høgt utan å endre for mykje på dei.
Rolf Marvin: Nemleg. Dei fleste slumpar til å skrive feil på bokmålet også.
Nå vet ikke jeg hva slags språkfilosofi forlaget ditt har, Avil, men det viktigste her er jo språket ditt og ikke morfologien din.
At du vil skrive på et språk som ligger tett opp mot talemålet ditt og derfor bruker ‘fortelling’ i stedet for ‘forteljing’ bør derfor være et godt argument for å la være å skrive 100 % normert nynorsk. Det er tross alt ikke ei lærebok du skriver. Det viktigste er jo at du er konsekvent rett og slett og ikke vingler mellom former.
Eg veit i grunnen heller ikkje kva filosofi forlaget bekjenner seg til.
*spent*
Fint innlegg, Avil!
Vi kastar oss ut i debatten 🙂
Veldig godt innlegg, Avil! Eg er heilt samd med deg!
Men kan ikkje heilt forstå kva du har imot det fine ordet forteljing 🙂
Det er forresten ganske illustrerande – svært mange nynorskbrukarar har eitt eller fleire «hjarteord» som fell utanfor nynorsknormalen, og som dei ikkje «har lov» å skriva (evt motsetnaden – eitt eller fleire «påbodne» nynorskord som dei berre ikkje kan lika). Ein del trekkjer då slutninga at heile nynorskprosjektet må leggjast på hylla, og dei skriv bokmål i staden. Det er den siste biten eg strevar med å forstå, for det same gjeld jo i bokmål? Det er mange «naturlege» ord og former ein ikkje kan bruka i bokmål, men då spelar det brått ikkje noka rolle lenger?
Problemet er vel at nynorsken blir spesiell.
Nynorskbrukaren krev å bli tilfredsstilt av nynorsken på ein annan måte enn av bokmålet. Og kvar gong nynorsken ikkje gjev brukaren den rette kjensla, den fine og gode kjensla av å bruke eit særleg godt og tilpassa skriftspråk, så får nynorsken kjeft.
Mens bokmålet kan skuffe på stripe, det er jo «berre bokmål».
Nynorsken er som å ete på dyr restaurant, mens bokmål er brødskive med leverpostei.
Reint bortsett frå at det ikkje kostar ein million milliard å skrive nynorsk. Litt fleire klikk på «Søk i Bokmåls- og Nynorskordboka» einaste.
Jepp!
Der fekk du sagt det.
Nynorsken er ein påspandert sjurettars middag på Bagatelle (før han mista ei stjerne i Michelin-gaiden) med vinmeny, og bokmål er tørr kneipp med leverpostei frå gul boks.
I ein sjurettars middag er det sjølvsagt nokre av rettane eller ingrediensane som ikkje passar meg like godt, og ein av vinane (den klisjesøte dessertvinen, til dømes) fell ikkje heilt i smak, men alt i alt er det eit jækla mykje betre alternativ.
Og likevel blir ein så inderleg skuffa over at det likevel viser seg at den påspanderte middagen inneheld foie gras (som er skikkeleg ekkelt) at ein bestemmer seg for å aldri ete dyr mat igjen.
Eller enda verre: at ein bestemmer seg for å aldri ete dyr igjen!
Kjeften på deg.
«Problemet er vel at nynorsken blir spesiell.»
Du er inne på noe der. Av en eller annen grunn egner nynorsk seg visstnok bedre til poesi og slikt enn bokmål. Er ikke sikker på hvilken del av skyttergravene det kommer fra, men mener jeg har hørt det fra begge leire. Når en leser nynorsk vil en ha en språkopplevelse i tillegg til den litterære.
Mitt problem her er vel at det eneste jeg regelmessig leser på nynorsk er Dag og tid, som definitivt er ment å gi leseren både form og innhold. Jeg leser ikke dårlig nynorsk, og derfor trodde jeg en stund at den ikke fantes. Tok feil der, gitt…
Fint at nynorsk-brukararar har tatt seg bryet med å oversette «i forhold til» med «i høve til» når de bruker det feil.
Og hvis jeg skulle vist deg den respekten du fortjener og svart på nynorsk, ville jeg og Alf Hellevik sittet her hele dagen. 🙂 Er så fælt å gjøre feil på nynorsk! På bokmål er det mitt valg, liksom.
Hehe, ja, eg skriv mykje feil på nynorsk, men det gjer eg visst på bokmål også.
Og folk får svare på kva mål dei vil. Men eg ser jo helst at folk prøver å skrive rett då, og ikkje sklir ut i dialekt/sms-språk.
Eg syns ikkje poesi er best på nynorsk, forresten. Men eg trur at både kvart einaste skriftspråk og talespråk har sin rytme og sin «personlegdom» som gjer at både tankar og ytringar blir påverka av det. Eg snakkar temmeleg flytande dansk, og eg er viss på at eg er litt ein annan på dansk enn eg er på norsk.
foie gras er nydeleg, er det.
A: Jeg føler meg plutselig mer positivt innstilt til operaen. Og når jeg kjenner etter, så fikk jeg en uforklarlig lyst på hvitvin… Nei, det skulle tatt seg ut; Trippet rundt i sauefjøset med høye glass, nå, midt på blanke ettermiddagen. Men kanskje burde du forøke å skrive om operaen på bokmål.Hvem vet, kanskje hadde det gjort deg vennligere innstilt ?
ALDRI VORE TE BYA…der kom eg attende til røynda med eit brak. Ein gammal Volvo 740 med Vassendgutane på fullt sørga for det. Og borte i fjøsen brækar sauene etter kveldmaten sin. Eg får hive i meg siste kaffikjeften, trive med meg Peltoren og få Dagsnytt 18 på øyret.
Eg trippar no rundt her ute på landet med høgstætta kvinvinsglas, eg.
Eg er ikkje negativ til mishandling av gjess, altså. *blånd smil*
Er foie gras og fortelJing det same?
Nesten.
😦
No vel. Eg ser poenga deira. Eg som berre skriv saksprosa prøvar å forhalde meg til reglane, og ein del ord eg har bruk for og brukar muntleg finst rett og slett ikkje i lovleg nynorsk. Eg er sjølvsagt også for færre lovlege former og meir stringent nynorsk.
Me ser poenga deira. Me gjer jo det.